No er det bestemt kva desse toppane skal heite

No er det bestemt kva desse toppane skal heite

Statens kartverk har 10. oktober gjort vedtak om namn og skrivemåte for tre fjelltoppar på grensa mellom Ulstein og Hareid kommunar.

Brørne sett frå Sneldelia - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Kartverket har, basert på at det er den lokale bruken som avgjer kva som er rett namn på ein stad, konkludert med at dei tre toppane som ligg i fjellrekka Brørne, skal heite

  • Storebroren
  • Midtre Broren
  • Lisjebroren

 

Vedtaket er gjort med heimel i § 7 tredje ledd i lov om stadnamn.

Dei skriv at i denne saka er alle partar einige om at toppane lengst vest og lengst aust heiter Storebroren og Lisjebroren. Språkrådet tilrår desse skrivemåtane. Kartverket vedtek namna og skrivemåtane Storebroren og Lisjebroren, i samsvar med lokal bruk og Språkrådet si tilråding. Det er meir usemje om kva namn som er nytta om toppen i midten. Ulstein kommune og Språkrådet tilrår derfor dagens namn blir ståande uendra. Kartverket meiner ein kan sjå Midtre Broren som ei standardform som kan dekke over ein viss lokal variasjon, og vedtar Midtre Broren i samsvar med tilrådingane.

Saksdokument:

Kart som visar namn på fjelltoppane - Klikk for stort bileteToppane med dei vedtekne formene Storebroren og Lisjebroren i feit stil. Midtre Broren er uendra.
Vedtak om skrivemåten av namn på fjelltoppar
Tittel Publisert Type
Vedtak om skrivemåten av namn på fjelltoppar - Storebroren og Lisjebroren i Ulstein og Hareid

06.11.2023 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vedtak om skrivemåten av namn på fjelltoppar - Storebroren og Lisjebroren i Ulstein og Hareid.pdf
Ulstein kommune – om namna på tre fjelltoppar – fråsegn frå kommunen.PDF

06.11.2023 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Ulstein kommune – om namna på tre fjelltoppar – fråsegn frå kommunen.PDF.pdf
Ulstein kommune – om namna på tre fjelltoppar – førebels tilråding frå Språkrådet.PDF

06.11.2023 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Ulstein kommune – om namna på tre fjelltoppar – førebels tilråding frå Språkrådet.PDF.pdf
Ulstein kommune – namna på tre fjelltoppar – tilråding.PDF

06.11.2023 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Ulstein kommune – namna på tre fjelltoppar – tilråding.PDF.pdf
Ulstein kommune – om namna på tre fjelltoppar – saksutgreiing frå kommunen.PDF

06.11.2023 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Ulstein kommune – om namna på tre fjelltoppar – saksutgreiing frå kommunen.PDF.pdf

Klage på vedtaket

Dei som etter § 6 bokstav a til c i lov om stadnamn har rett til å ta opp saker om skrivemåten av stadnamn, kan etter § 12 klage på vedtaket. Klagefristen er tre veker frå meldinga om vedtaket er komen fram til mottakaren, jf. § 9 i forskrift om stadnamn. Dersom meldinga skjer med offentleg kunngjering, tek klagefristen til frå den dagen vedtaket vert kunngjort første gongen. Det er høve til å søke om utsett iverksetting av vedtaket til klagefristen er ute eller klaga er avgjord.

Ei eventuell klage skal sendast til Kartverket med kopi til kommunen. Klaga skal grunngjevast, og grunngjevinga må omtale alle namn eller namneledd klaga gjeld.

Når ein tek opp ei klagesak, gjeld dei same sakshandsamingsreglane som for namnesaker elles. Dersom vedtaket vert oppretthalde, sender Kartverket saka vidare til Klagenemnda for stadnamnsaker, som er oppnemnd av Kulturdepartementet.