No skal vi lage plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv

No skal vi lage plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv

Vi vil gjerne ha innspel til planen og prosessen med å lage planen.

Dronebilete av idrettsanlegga på Myrane. - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet er ein tematisk plan som skal fungere som eit politisk styringsreiskap, med ein langsiktig plan for utvikling av idrettsanlegg, miljøanlegg og friluftsliv i kommunen.

Hareid formannskap vedtok 12. juni å varsle om oppstart og kunngjering av utarbeiding av kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv. Som ein del av dette har vi utarbeida ein planprogram som mellom anna seier noko om korleis vi skal utarbeide planen og kva mål vi har med planen. Dette planprogrammet blir også lagt ut til offentleg ettersyn.

Planen skal gje ei oppdatert oversikt over anlegg og vere eit styringsverktøy for å nå kommunen sine mål på feltet. Føremålet med planen er å ha ein politisk vedtatt og oppdatert langsiktig plan for utvikling av idrettsanlegg i kommunen. Brukarar av planen er i tillegg til politikarar, tilsette i administrasjonen, idrettsorganisasjonar og engasjerte innbyggarar. 

Avgjersle om disponering av areal i planen er ikkje juridisk bindande, men bør leggast til grunn under rullering av kommuneplanens arealdel og eventuelt vedtakast i den planen.

Forslag til planprogram kan du lese her. (PDF, 564 kB)

Offentlege mynde og andre aktuelle vert varsla i eige skriv. Dersom du ynskjer utskrift av planprogrammet, ta kontakt med postmottak@hareid.kommune.no.  

Merknadar til planforslaget kan sendast til Hareid kommune på e-post postmottak@hareid.kommune.no, eller papir til Hareid kommune, Rådhusplassen 5, 6060 Hareid.

Merk gjerne med sak 23/1192 

Frist for innspel og merknadar er sett til 11. august 2023.  

Alle innspel må vere skriftlege.  

Varsel om oppstart av planarbeid og høyring av planprogrammet er gjort i samsvar med plan- og bygningslova paragraf 11-12 og 11-13.