10. mai:

Både sentralbord og servicetorg er stengt 10. mai.

Vis oss korleis vi skal bruke fjordane våre

Vis oss korleis vi skal bruke fjordane våre

Har du lyst på ei kajakk- eller ei vannscooterløype i utanfor Hareid?

Aslak Raanes/Wikipedia

Hareid, Herøy, Sande, Ulstein og Vanylven er i gong med å utarbeide ein felles plan for sjøområda i kommunane: Kystsoneplan for Søre Sunnmøre.

Veit du om ei badestrand, eit friluftsområde eller eit viktig lokalt fiskeområde vi må ta omsyn til? Eller har du andre forslag?

No ønskjer vi innspel frå innbyggarar, næringsaktørar, interesseorganisasjonar og andre på korleis områda bør brukast. Vi vil høyre frå så mange som mogleg før planen vert lagt.

Kom med innspel i vårt verkty for medverknad og innbyggardialog: CityPlanner.

Frist for innspel er sett til 1. februar 2019.

Her kan du teikne inn dine ynskje og kome med merknadar. 

 

OBS! Dersom du er ein næringsaktør som kjem med innspel som kjem innunder krav om konsekvensutgreiing må du svare på skjema for innspel til Møre Pilot (vedlagt).

 

Andre filer:

 
 

 

Slik ser fjordane ut når du går inn i CityPlanner. Dette kartet viser sedimenter.Her er dybdevisning av fjordane på Søre Sunnmøre.