Rett til innsyn i offentlege dokument

Rett til innsyn i offentlege dokument

Hovudregelen er at alle kan krevje innsyn i offentlege saksdokument, journalar og andre liknande register. Det er offentlegheitslova som regulerer kva som er eit dokument og når eit dokument blir offentleg.

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Lova har føresegn om unnatak frå offentlegheitslova. Vanlege årsaker til at ålmenta ikkje har fullt innsyn er at dokument inneheld teiepliktige opplysningar. Ein del interne dokument kan også haldast tilbake. Lova har også føresegn om «meirinnsyn». Det betyr at vi skal vurdere om vi kan gi innsyn der det i utgangspunktet ligg føre moglegheit for å nekte innsyn.

Hareid kommune har elektronisk postjournal, der alle inngåande og utgåande brev blir journalført. Vi legg også ut møtedokumenta frå dei folkevalde organa. Du kan også be om å få samanstillinga av opplysningar.

Som hovudregel er det gratis å få innsyn.

Her finn du postjournalen og kan bla i den.

Du kan søkje om innsyn ved å sende ein epost til postmottak@hareid.kommune.no.

Les meir om innsynsretten din og kva dokumentasjon kommunen samlar inn  her.