Påska 2024:

Tenestene våre har reduserte opningstider i påskeveka. Les meir her.

Personopplysingar som vert behandla

Personopplysingar som vert behandla

Om du ønsker ei meir detaljert forklaring på korleis vi behandlar dine personopplysingar, har kvar sektor i kommunen utarbeidd ein eigen protokoll som syner dette.
 
Når kommunen bruker dine personopplysingar har du ein del rettar.
 
Hareid kommune kjøper personverntenester som blir drifta av Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal IKS.

Du kan kontakte Karen Vanessa Sundgot Gurskevik på e-post eller på telefon 920 76 580.

Kva er personvern?

Personvern har sitt utspring i at alle menneske har ein ukrenkeleg eigenverdi. Som enkeltmenneske har du derfor rett på ein privat sfære som du sjølv kan kontrollere, her kan ein handle fritt utan tvang eller innblanding frå staten eller andre menneske.
 
Personvern er ikkje berre ein viktig menneskerett som skal sikre omsynet til den enkelte sin personlige integritet og privatliv.
 
Personvern er også viktig for å sikre felles gode i eit demokratisk samfunn.

Utan rett til å ha eit privatliv vil det ikkje vere mogleg for det enkelte menneske å skape seg eit rom til å utvikle refleksjonar og vurderingar på eit sjølvstendig grunnlag, utan å bli forstyrra eller kontrollert av andre.
 
Som ein del av dette er enkeltpersonar sin rett til å ha innflytelse på bruk og spreiing av personopplysningar om seg sjølv. Vi skal i størst mulig grad kunne bestemme over eigne personopplysningar.
 
Hareid kommune arbeider systematisk for at innbyggjarane i kommunen skal ha eit godt personvern.
 
Dette inneber at vi sikrar oss at vi har grunnlag for å behandle personopplysingar, vi behandlar ikkje fleire opplysingar enn naudsynt og ikkje lenger enn naudsynt, vidare at vi har god sikkerheit for dei opplysingane vi behandlar.

Dette er t.d. tilgangskontroll til personopplysningar.