Påska 2024:

Tenestene våre har reduserte opningstider i påskeveka. Les meir her.

Om sektor for samfunnsutvikling - ufordringar og mål

Om sektor for samfunnsutvikling - ufordringar og mål

Sektor for samfunnsutvikling består av kommunalsjef, Samfunnskontoret og einingane Plan, byggesak og Geodata, Kommunal eigedom/FDV, Kommunalteknikk og VAR, samt at dei har ansvar for to interkommunale samarbeid og Soknet. Sjå i sidespalta for einingane og ansvarsområda deira.

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Kai-Rune Bjørke, kommunalsjef sektor for samfunnsutvikling  Årsverk: 39,26

Tilsette: 45

Status / utfordringsbilete

Det er utfordrande å tenke strategisk og langsiktig, då det samstundes er forventningar til at samfunnskontoret både skal bidra, ha kunnskap og kapasitet til å medverke på detaljnivå i både diverse saker, drift og investeringsprosjekt. Ein har ikkje lukkast med å få sektoren til å ta ut det maksimale potensiale i høve  samhandling og samarbeid i høve t.d. gjennomføring av prosjekt.

Eining for plan, byggesak og geodata har høgt fokus på handsaming av private planar, byggesak og sakshandsaming etter matrikkellova. Samstundes som eininga gjennomfører større utviklingsprosjekt i form av arbeid med interkommunal kystsoneplan, kommuneplanens arealdel og kommuneplanens samfunnsdel. I 2020 vil ein også måtte nytte tid til kommunal planstrategi. Ein har knapt med ressursar, og dette er sårbart, særleg for byggesak med korte fristar.

Generelt for bygningsmassen på dei kommunale formålsbygga gjeld det at ein har eit betydeleg vedlikehaldsetterslep. Ein ser at det er store summar å spare om ein vektlegg livsløpskostnadar både ved nybygg og ved rehabilitering/vedlikehald. Her trengs midlar til både uførutsett og langsiktig planlegging av vedlikehald. Stadige pålegg i høve brann -og eltilsyn på bygga er ei utfordring. Ein bør på sikt etablere vedlikehaldsfond, der ein set av midlar til større vedlikehaldstiltak.

Ein vil i 2020 ha ei stor satsing på å få så mange som mogleg tilknytt det offentlege vassnettet. Her er mange krevjande saker om overvatn og framandvatn i avlaupsnettet. Her er utfordringar knytt opp mot direkteutslepp og forureining. Vassbehandlingsanlegget er gamalt og styringssystemet står føre ei oppgradering. Ein kartlegg systematisk direkteutsleppa og vil I løpet av 2020 vil ein ferdigstille både den nye vassplanen og avløpsplanen der ein legg opp til ei investeringshastighet som stettar dei nasjonale krava for utskiftingsgrad av leidningsnettet. Nødvendige tiltak vil føre til at vassavgifta vil auke.

Sjå rådmannen sin presentasjon av budsjettet frå folkemøtet 21. november.Mål / tiltak

Vere ein sektor som legg til rette for bustad og næringsutvikling

Gjennomføre investeringsportefølgja på sektoren

Vere ein sektor som samordnar og som står som utviklar av den heilskaplege samfunnsutviklinga i kommunen.

Vere ein sektor som er ein ressurs til dei overordna planverktøya

Her kan du gå tilbake til budsjettsida

Her kan du lese heile budsjettdokumentet (økonomi og handlingsprogam 2020-2023)