Kartforklaring Gul strek: anbefalt rute (inkludert alternativ). Prikka gul strek: Isakdalen (30-sone). Raud strek: stengd gangveg.Årsaka er at det skal leggast fiber til dei nye omsorgsbustadane på Pålhaugen. Når arbeidet er ferdig, vil gangvegen bli oppgradert og asfaltert.
Gangvegen må stengast heilt medan arbeidet pågår. Området er trongt, og det vil ikkje vere mogleg å passere. Dette vil påverke mange skuleelevar og andre som brukar strekninga til dagleg.
Alternative ruter
Vi rår dei som vanlegvis nyttar gangvegen om å følgje denne ruta (sjå kart):
- Vabakkvegen til gangbrua over elva til Mjølkevegen
- Mjølkevegen ned til gangvegen ved kyrkja
- Gangvegen gjennom kyrkjegarden
- Til ungdomsskulen og barneskulen: over gangfeltet og opp vegen over Pålhaugen
Alternativ rute til barneskulen:
- Kjøpmannsgata og opp Drammensvegen
Desse rutene er vurderte som dei tryggaste alternativa fordi dei har minst trafikk. Vi kjem til å setje opp skilt på strategiske stader langs denne løypa, for å sikre at flest mogleg vel beste rute.
Isakdalen
Vi rår dei som bur på Isakmarka, Perlevegen og Eliasgarden om å ikkje gå eller sykle gjennom Isakdalen. Det manglar fortau, og det er ein del trafikk, også med tunge køyretøy.
Vi veit likevel at nokre vil bruke denne strekninga. Derfor blir det innført mellombels fartsgrense på 30 km/t frå rundkøyringa til asylmottaket.
Varsling og omsyn
Bebuarar i Perlevegen, Aurgotene, Eliasgarden og Rasmusmarka har fått tekstmelding om endringane. Vi ber om ekstra omsyn til auka gang- og sykkeltrafikk i området.
Kontakt
Det er HS Rise som utfører arbeidet.
Har du spørsmål, kan du kontakte prosjektleiar i Hareid kommune Erik Herigstad.
E-post: erik.herigstad@hareid.kommune.no