Kommunedirektøren si innleiing til budsjettet

Kommunedirektøren si innleiing til budsjettet

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Året 2020 har vore eit svært spesielt år, for verden, for Noreg og for Hareid kommune. Covid19-pandemien har medført ei tidvis nedstenging av samfunnet, med store konsekvensar for økonomien.

Hareid kommune har so langt ikkje hatt særleg smitte i samfunnet, og den som har vore har vi hatt under kontroll. Tiltaka som har vorte sett i verk for å hindre smittespreiing og for å bu oss på ei eventuell smitteauke har derimot vore krevjande, både for dei tilsette og for kommuneøkonomien. Vi har mellom anna hatt store ekstra kostnadar knytt til oppretting av smitteavdeling på sjukeheimen, legar, testing, smittesporing, vikarar ved covid19-symptom hjå tilsette og so vidare. I tillegg har pandemien råka næringslivet i regionen hardt, noko som har medført auka arbeidsløyse og permitteringar. Dette gir igjen lågare skatteinngang til kommunen.


Nokon av disse kostnadane har vi fått refundert frå staten, men ikkje alt. Vi veit endå ikkje konsekvensen av skatteinngangen i 2020 og korleis det vil påverke årsresultatet. Det er framleis stor usikkerheit rundt korleis pandemien vil utvikle seg vidare. Det er spådd ein smittetopp i januar/februar 2021, men om det vil slå til for Hareid kommune sin del veit vi ikkje. Om, og eventuelt når, ei vaksine vil verte tilgjengelig vil også påverke utviklinga i 2021.   
Fokus for Hareid kommune framover må vere å utvikle lokalsamfunnet vidare for å skape vekst og utvikling, og å tilpasse drifta av kommunen til den utviklinga som vi veit kjem. Vi må bruke pengar der vi ser at det kan gi ei framtidig inntekt eller kostnadsreduksjon for å skape oss økonomisk handlingsrom.

Vi må forvalte dei verdiane vi har på best mulig måte og bidra til trivsel, bulyst og arbeidsplassar i lokalsamfunnet vårt. Kommuneorganisasjonen må fortsette å jobbe med omstilling av drifta, samtidig som vi tek vare på tilsette og brukarar.

Vi må bu oss på ei komande auke i tal på eldre og pleietrengande i åra som kjem. Skal vi klare å handtere dette innafor dei stadig strammare økonomiske rammene for kommunane, må vi utnytte alle stega i omsorgstrappa og i større grad legge opp til bistand i brukarane sine eigne heimar, omsorgsbustadar og bukollektiv, jobbe førebyggande og i mindre grad nytte institusjonsplassar. I tillegg må vi ta i bruk velferdsteknologi der dette kan auke tryggleiken til brukarane og gi ein gevinst. Dette vil også gi eit meir differensiert og tilpassa tilbod for den enkelte brukar.

Kommunen må også jobbe meir med førebygging og tidleg, tverrfaglig innsats for å få ned kostnadane til barnevernet. Det er her starta opp tiltak som vi vil sjå effekt av i handlingsprogramperioden.

Vi har utarbeidd ein vedlikehaldsplan som gir oss eit godt verkty for å forvalte eigedomsporteføljen vår på ein best mulig måte. Kompetanse og utvikling av våre tilsette er viktig for å klare å omstille oss, mellom anna er vi er no omtrent midtveis i eit leiarutviklingsprogram for alle leiarar i kommunen. Samskaping og involvering av innbyggarar, næringsliv, frivillige lag og organisasjonar, tilsette og tillitsvalte er nøkkelen til å klare den omstillinga vi no står føre. 

Handlingsprogrammet for 2021-2024 har blitt utarbeidd i ein situasjon med svært stor usikkerheit for kva som vil møte oss i perioden. Det kan derfor verte behov for større budsjettjusteringar og fleksibilitet i 2021 enn det som er vanleg. Det er ikkje foreslått auke i eigedomsskatten no, då vi ser at covid19-pandemien også råkar innbyggarane våre hardt. Dersom konsekvensane av pandemien for kommuneøkonomien vert større enn det vi klarer å handtere på anna vis eller dei planlagde innsparingstiltaka ikkje let seg gjennomføre, kan ein siste utvei likevel verte å auke eigedomsskatten i februar med verknad for 2021.
Konstituert kommunedirektør Kariann Bigseth