Om sektor for læring og kultur - mål og utfordringar

Sektor for læring og kultur femnar om tenestene bibliotek, musikk og kulturskule, vaksenopplæring, flyktningteneste, grunnskule, barnehage, norsk for framandspråklege, kultur og idrett. Vi har bibliotek, kulturskule, tre kommunale barneskular, ein ungdomsskule, tre kommunale barnehagar med einingsleiarar som har sjølvstendig fag, personal- og økonomiansvar.

Einingsleiarane rapporterer til kommunalsjef. Hareid kommune ved sektor for læring og kultur har tilsyns- og rettleiingsansvar for privat barnehage i kommunen, samt ansvar for å gjere vedtak og finansiere spesialpedagogiske tiltak i privat barnehage og privat grunnskule .. 
Sektor for læring og kultur har sett seg som mål å vere ein kvalitets- og kompetanseorganisasjon med fokus på kollektive læringsprosessar og medverknad. Dette krev systematisk og langsiktig planlegging då ein ynskjer å nytte sektoren sin samla kompetanse og ressursar på smartast og mest tenlege måte for organisasjonen. 

Sektor for læring og kultur skal yte gode tenester i tråd med lover og regelverk som gjeld for sektoren. Viser her særleg til Opplæringslova paragraf 1-1 og Barnehagelova paragraf 1. Sektoren skal legge til rette for trygge og stimulerande oppvekstmiljø for alle brukargrupper som mottek tenester frå sektoren. Sektoren skal skape arenaer og miljø for utvikling, meistring og læring. 
Årsverk: 161

Status / utfordringsbilde

Innafor alle områder i sektor er det stor aktivitet knytt til kompetanseutvikling både innafor kommunen, regionen og deltaking i nasjonale satsingar. Hareid kommune er med i satsinga inkluderande barnehage og skulemiljø, og er i tillegg utpeika som 1 av 13 kommunar til å prøve tiltak for tidleg innsats i både barnehage og skule gjennom eit pilotprosjekt som heiter Kompetanseløft for spesialundervisning og inkluderande praksis. 

Barnehagane held bemanningsnorma. Hareid kommune ligg under landsgjennomsnittet og dei fleste omliggande kommunar i høve kostnad pr barn. Når det gjeld grunnskule ligg vi under dei fleste omliggande kommunane, og kommunegruppe når vi samanliknar kostnad pr elev. Grunnskulane held lærarnorma.  

Dei kommunale barnehagane har høgt barnetal per eining. Godt omdømme, god omtale og høg kvalitet på tenestene har bidrege til auka tal på søkjarar. Dette gjev lågare driftsutgifter pr barn, og slik lågare tilskot til privat barnehage. Dei tre kommunale barnehagane stettar den nasjonale bemanningsnorma. Når det gjeld bygningane så er det dessverre ein del slitasje og manglande vedlikehald. Dette gjer kvardagen til både barn og vaksne vanskelegare både med tanke på reinhald og orden. 

Sjølv med gjennomsnittleg store grunnskuleklasser og låge driftsutgifter per elev ser vi ei positiv utvikling både på resultat og miljømessige tilhøve. Godt kvalifiserte tilsette, og fokus på utvikling og kompetanse, er ein viktig faktor i den positive utviklinga. Vaksenopplæringa har lykkast med tilbodet til andre kommunar, og tener pengar på det. 
Kulturtilbodet innan bibliotek, kulturskule og anna fritidstilbod har ei jamn drift med små  variasjonar. Nye biblioteket var endeleg klart og opna i mai 2021. Eit stort løft for Hareid kommune. Pr 01.01.22 vil både bibliotek og kulturkonsulent ligge under sektor for Samfunnsutvikling og ei nyoppretta eining der med fokus på næring, kultur og busetjing. 

Hareid kommune har, per 31.10.2021, mottatt 7 av tildelte 11 flyktningar. Det er usikkert om kommunen får busette fleire i 2021. Kor mange flyktningar kommunen er oppmoda å ta i mot i 2022 er i skrivande stund  ikkje avklart. 

Budsjettet for 2022 har vore ein krevjande prosess. Ramma til sektoren er kraftig redusert. Ulike tiltak har blitt vurdert, men ikkje fremma då det gjev liten eller ingen effekt etter kost/nytte prinsippet. Det har vore sett på auke til berre heile plassar i barnehagane samt auke i betalingssatsar SFO. 
Rektorane rapporterer om ein krevjande kvardag der fleire og fleire elevar strevar på mange ulike måtar. Trass lærarnorm er ofte utfordringane så store og komplekse at ein må løyse dette med ulike tiltak som ofte krev fleire tilsette i kortare eller lengre periodar for å kunne ta i vare elevane. 
Sektor for læring og kultur vil fokusere på å etablere gode tenester innanfor dei rammene som er gitt. Arbeidet gjennom året vil ha fokus på lovpålagde tenester og kjerneoppgåver. 

2022 vert eit spennande år. Stramt budsjett og utfordringar, men også eit år for nye moglegheiter. 

Mål / tiltak 

  • Gjennomgang av alle delar av sektoren for å finne optimal/  berekraftig drift.
  • For å oppretthalde kvalitet og tilbod - vurdere organisatoriske endringar
  • Ny kommunal barnehage som erstatning for dei 2 sentrumsbarnehagane
  • Sektoren skal utvikle seg gjennom kompetanseutviklingsprossesar tilrettelagt på eigen arbeidsplass og gjennom felles utviklingsdagar, nettverk og leiarutvikling. Kompetanseutviklinga skal ta opp i seg arbeidsmåtar og verktøy som fremjar kollektive læreprosessar, refleksjon over eigen praksis, erfaringsutveksling og kunnskapsdeling internt i eiga eining og i nettverk på tvers av einingane. 
  • Vidareutvikle det tverrfaglege samarbeidet i høve til oppvekstvilkår for barn og unge i Hareid. 
  • Betre samarbeid, om felles tenestemottakarar, mellom sektorane.
  • Oppretthalde drift av kommunal ungdomsklubb.