Om sektor for samfunnsutvikling - mål og utfordringar

Sektoren er samansett av dei overordna ansvara Brannvern, Trussamfunn, Samfunn, samt eining Plan Byggesak og Geodata, eining Næring Kultur og Busetting, eining for Kommunalteknikk og eining for Kommunal eigedom.

Årsverk: 2022: 48,07 – Auke med 8,31 stillingar.    
Tilsette: 53

  • Ansvar Brannvern v/Hareid og Ulstein brannvesen brann- og ulukkeberedskap har fylgjande ansvarsområde:Brann- og ulukkesberedskap, Brannførebygging, Feiing, Beredskap mot akutt forureining.
  • Ansvar Trussamfunn har fylgjande ansvarsområde: Hareid sokn, Andre trudomsamfunn og Frivilligsentralen.
  • Ansvar Samfunn har fylgjande ansvarsområde: Samfunnskontor, Hamn, Anløp og Interkommunalt Landbrukskontor, samt Distriktsveterinær.
  • Eining for Plan, Byggesak og Geodata har fylgjande ansvarsområde: Plan, byggesak, geodata, beredskap og forureining.
  • Eining for Næring Kultur og Busetting har fylgjande ansvarsområde: Bustad- og næringsområde, næringsfond, kultur, Vekst i Hareid, bibliotek, klima, miljø og berekraft, SLT-prosjekt, folkehelsekoordinator.
  • Eining kommunalteknikk og VAR har fylgjande ansvarsområde: Vatn , Avløp, Slam, Renovasjon, Veg, Park og grønt, Idrettsanlegg, Gatelys.
  • Eining kommunal eigedom/FDV har fylgjande ansvarsområde: Forvaltning, Drift, Vedlikehald, Utvikling , Utleige, Reinhald og Helsehus


Status / utfordringsbilde

Samfunn:

Strategisk og langsiktig planlegging har vore ei utfordring då det samstundes er forventningar til at samfunnskontoret både skal bidra, ha kunnskap og kapasitet til å medverke på detaljnivå i både diverse saker, drift og investeringsprosjekt. 

Organisering og sakshandsaming har tidlegare leie til kontoret, som del av kommunalsjefen sitt virke. Grunnkjøp og privatrettslege tilhøve har gjennom store delar av dette året og også førre år, gjort at ein har kome reelt på etterskot, med tanke på utarbeiding av avtalar, utbetalingar, ferdigstilling av mellom anna skøytedokument, samt å forhandle mellom partar, finne løysingar saman med næringslivet for fremme god samfunnsutvikling.
For å bøte på og få til ei satsing på dette, har vi oppretta ny eining.

Eining for næring, kultur og busetting

Eining for næring, kultur og busetting er ei ny eining, som resultat av ei intern omorganisering. Vi har valt å sjå satsing innanfor næringsliv som til dømes Vekst i Hareid og utvikling av næringsområde i samanheng med bulyst i form av utvikling av bustadområde, kultur, bibliotek, folkehelse og samla desse ansvara med fleire i ei ny eining. 

Eining for Plan, Byggesak og Geodata

Eining for plan, byggesak og geodata er ei eining med knappe ressursar, men med høgt inntektspotensial. Grad av sjølvkost på byggesak og geodata er særleg god samanlikna med tidlegare år. Den finansielle dekningsgrada (sjølvkostgrada) er for 2022 stipulert til 73 prosent for byggesak og 85 prosent for geodata, medan for plan ligg den på 26,4 prosent. Ei høg sjølvkostgrad omfattar stor vektlegging av handsaming av private planar, byggesak og sakshandsaming etter matrikkellova. Samstundes som eininga gjennomfører større utviklingsprosjekt i form av arbeid med interkommunal kystsoneplan, kommuneplanens arealdel og kommuneplanens samfunnsdel og andre oppgåver som ikkje kan reknast med etter sjølvkostprinsippet.

Stor saksmengd saman med større planarbeid gjer at det er og vil vere utfordringar knytt til kapasitet i tida framover. Vi har knapt med ressursar, og dette er sårbart, særleg for byggesak med korte fristar. Det er difor avgjerande for inntektsresultatet samt opplevinga av tenestene vi leverer til private og profesjonelle at ein no får på plass meir ressursar igjen knytt til byggesak. Dette vil også gjere det mogleg å få gjennomført ein del av dei lovpålagde oppgåvene knytt til tilsyn og ulovlegheitsoppfølging som per i dag ikkje blir prioritert grunna kapasitet. 

Det vil også vere ein prøving vidare i 2022 med handteringa av covid-19 og andre eventuelle kriser. Rolla som beredskapskoordinator er knytt til eininga, og det er tidkrevjande å handtere beredskapsarbeidet. Dette har gått, og vil potensielt kunne gå utover anna sakshandsaming, særleg innan plan og byggesak. Ein lyt håpe at arbeidsoppgåvene knytt til pandemien vil verte mindre i tida framover. 

Eining kommunal eigedom/FDV

Generelt sett har vi hatt stort vedlikehaldsetterslep dei siste åra, men no ser vi effekten av gode investeringar på ulike bygg som mellom anna har medført reduserte kostnader på energi/oppvarming og betre inneklima, t.d. Rådhuset. Vi har også fått nye bygg som er energieffektive og som gjev oss føreseielege kostnader knytt til drift. Helsehuset er eit slikt bygg, samt investeringar vi har gjort på Rådhuset har bidrege positivt. Vi kan nemne at overskotsvarmen frå batteribygget no forsyner både Rådhuset og Helsehuset. Overskotsvarmen går inn på varmepumpa til varmesystemet, og gjer at Elkjel berre er i beredskap på ekstra kalde dagar. 

I budsjettarbeidet for vidare år har vi lagt inn investeringar som vi meiner vil medføre ytterlegare energiinnsparingar og meir føreseieleg drift på føremålsbygga våre. I tillegg har vi lagt inn pakkar til vedlikehald, der vi kan slå saman fleire tiltak frå vedlikehaldsplanen som til saman kan utgjere ei investering og vi slepp å belaste drift. På denne måten får vi tatt dei viktigaste tiltaka som kjem fram av vedlikehaldsplanen og redusere vedlikehaldsetterslepet gradvis. Dette vil gå fram av vedlikehaldsplanen som vil bli oppdatert etter kvart som vi gjer tiltak.

Eigedomsstrategi har vorte framlagd og godkjent, og er eit godt styringsverktøy som vi nyttar. 
FDV-verktøyet Famac-web blir i større grad nytta no enn tidlegare, og der blir alle avvik meldt inn frå dei ulike einingane som driftsavdelinga handterer. Der ligg også informasjon om dei ulike bygga og kva som er gjort og blir gjort, samt at vedlikehaldsplanen ligg der. I tillegg blir FDV-dokumentasjon frå nye bygg lagt inn her, og også dokumentasjon i høve tilbygg/renovering av eksisterande bygg. Her blir også dei ulike arbeidsoppgåvene til driftsteknikarane generert og lagt ut.

I Økonomisystemet for 2022 har ein oppretta eige ansvar for dei ulike føremålsbygga slik at vi har betre kontroll på kostnadane og ressursbruken. Det er også oppretta ansvar for ulike område der ein treng å ha kontroll.

Eining kommunalteknikk og VAR

Eininga sine ansvarsområde er vatn, avløp, slam og renovasjon, veg og gatelys, park/grønt/idrettsanlegg. 

Dei prioriterte områda for 2022 vil vere å gjennomføre vedtekne investeringsprosjekt med høg prioritet på problematikk kring overflatevatn, reinsing samt vedlikehald av sentrale vassleidningar. Overflatevatn er eit samansett og krevjande område å arbeide med samstundes som det potensielt kan gi utfordringar i form av erstatningskrav som fylgje av vanninntrenging i bygningar. 

Mengda av investeringsprosjekt er stor. Her er ei rekkje tiltak som allereie er vedtekne og starta på samstundes som det melder seg nye behov. Behova er med andre ord store og vi ser at dette er svært utfordrande sett opp mot kapasiteten på eininga. Behovet for å bygge struktur, rutinar og utføre kartleggingsarbeid er også stor og vil vere eit viktig fokusområde når det kjem til å bygge organisasjonen.

Eininga står også overfor eit etterslep på alle typar planar og lokale forskrifter, men det jobbast systematisk med å rette på dette. Dette er dog store prosessar som tek tid. Framdrifta av utbyggingsprosjekt er også i stor grad avhengige av grunnkjøp og grunnavtalar noko som tidvis er utfordrande på grunn av mangel på ressursar. 

Vatn – Utskiftingstempoet av leidningsnettet i Hareid kommune er ikkje høgt nok. Den nye hovudplanen for vatn og avløp vil gi ei totaloversikt. Vi vil då legge opp til ei investeringshastigheit som stettar dei nasjonale krava. Dette vil føre til at vassavgifta vil auke. Vassbehandlingsanlegget vårt er gamalt og styringssystemet står føre ei oppgradering. Vi vil i 2022 fortsette arbeidet med å få så mange som mogleg tilknytt det offentlege vassnettet. 

Avløp -  Ansvarsområdet inneheld utbygging av og rehabilitering av avløpsnettet, inkludert pumpestasjonar. Reinseanlegg er under planlegging på Raffelneset. Innanfor dette ansvaret ligg også overvatn. Dette er kanskje den største utfordringa ein har i Noreg per i dag og Hareid er ingen unntak. Ei utfordring ein truleg vil sjå enda meir av ettersom nedbørsmengdene stadig aukar. Vi har – som alle andre – enorme utfordringar med framandvatn i avlaupsnettet. Heller ikkje innanfor avløp klarar vi å halde høg nok utskiftingstakt og oppfylle dei nasjonale krava. Den nye hovudplanen for vatn og avløp vil gi ei totaloversikt. Vi vil då legge opp til ei investeringshastigheit som stettar dei nasjonale krava. Dette vil føre til at avløpsavgifta vil gå opp. Vi har også store utfordringar knytt opp mot direkteutslepp og forureining. 

Slam og Renovasjon – Ansvarsområda er forankra i eininga, men ein har driftsavtale med SSR om den praktiske gjennomføringa. 

Veg – Ansvarsområdet er dels privatrettsleg og dels offentleg-rettsleg. Kommunen er privatrettsleg eigar av alle dei kommunale vegane. Vi er også lokal vegmynde etter veglova. Eininga har ansvaret for drift og vedlikehald av vegane, inkludert veggrøft. Eininga er også ansvarleg for vinterdrift av vegane og har 7 rode som blir brøyta i kommunen. Ein har store utgifter til vinterdrift av vegane i kommunen, dette må kvart einaste år dekkast inn gjennom det ordinære vegbudsjettet. Dette har fleire uheldige konsekvensar. Kommunen har tidlegare brøyta rode 1 sjølv (sentrum). Denne roda vil no, på lik linje med dei andre rodene, verte brøytt av innleigde ressursar. Vi ser at fleire av vegane held lav standard og vi får stadig meldingar om utfordringar for bilistane. Det er likevel ikkje alltid berre å asfaltere. Mange av vegane er gamle og bygd på ein for dårleg måte med manglande masseutskifting og manglande berelag med meir. Mange stader er stikkrennene ramla saman og vi får ikkje ein effektiv drenering av vatn, men heller at vatn står i vegkroppen. Dette bidreg også til å svekke standarden på vegane. Vi har også fleire bruer i kommunen med ukjend standard.

Gatelys – Eininga er ansvarleg for drift og vedlikehald av alle gatelys i Hareid kommune. Vi driftar også Statens Vegvesen sine lys og får ein årleg refusjon på dette arbeidet. Det er store problem med jordfeil i Hareid kommune og vi opplever tidvis svært store driftsproblem. Kretsane er også svært store noko som gjer at ein jordfeil kan få innverknadar på eit svært stort område, til dømes heile sentrum, store delar av ytre Hareid etc. 

Vi vil legge opp til, i samarbeid med dei andre kommunane i sjustjerna å gje frå seg ansvaret for gatelys på dei fylkeskommunale vegane.

Park og Grønt – Ansvarsområdet dekker alle offentlege grøntområde. Det er om lag 100 mål med plen og om lag 60 mål med busker og trær som skal driftast og vedlikehaldas. Andre arbeidsoppgåver som ligg til dette området er til dømes handtering av boss, sprøyting av uønskt vekstar, kantreinsk, skjøtsel av miljøgate og offentlege benkar. Budsjettet er så knapt at det ikkje dekker fastløn og det aller minste minimum av utstyr. Vi har utstyr som er helseskadeleg og utdatert og utfordringar kva gjeld HMS for tilsette. 

Idrettsanlegg – Kommunen eig idrettsanlegget ved ungdomsskulen og er økonomisk ansvarleg for drifta. Vi har ein driftsavtale med HIL. 

Mål / tiltak 

Samfunn:

  • Vere ein sektor som legg til rette for bustad og næringsutvikling
  • Gjennomføre investeringsporteføljen på sektoren
  • Vere ein sektor som samordnar og som står som utviklar av den heilskaplege samfunnsutviklinga i kommunen. 
  • Vere ein sektor som er ein ressurs til dei overordna planverktøya

Eining for næring, kultur og busetting:

Mål for eininga er å legge til rette for busetting og næringsliv i kommunen. Å fremme bulyst vil derfor vere ein viktig del av arbeidet til eininga. Ein ser føre seg at ved å legge kultur, bibliotek med meir i same eining, vil ein enklare kunne samkøyre satsingane i lokalsamfunnet til det beste for innbyggarane og næringslivet.

Eining for Plan, Byggesak og Geodata:

  • Digitalisering og effektivisering vil vere særs viktig i tida framover. 
  • Delta i arbeidet med utarbeiding og ferdigstilling av interkommunal kystsoneplan
  • Halde lovsette fristar for sakshandsaming innan byggesak, oppmåling og plan
  • Syte for at kommunens heimesider er eit godt verktøy for innbyggjarane innanfor sektoren sine fagområde
  • Ferdigstille kommuneplanens samfunnsdel 
  • Ferdigstille kommuneplanens arealdel
  • Følgje årshjulet for beredskapsarbeid
  • Eining kommunal eigedom/FDV:
  • Gjere bygga våre meir energieffektive og få føreseielege driftskostnader.
  • Nytte Famac-web i endå større grad for å få betre kontroll på vedlikehald.
  • Vektlegging av berekraftige løysingar. 
  • Framleis gjere gode og rette investeringar.

Eining kommunalteknikk og VAR:

På sjølvkostområdet ser ein at det er naudsynt med store investeringar for å sikre utskifting av eksisterande leidningsnett i den takt som nasjonale mynde krev. Dette vil føre til auka kommunale avgifter, noko som er utfordrande for den enkelte innbyggjar. På dei ordinære driftsområda ser ein at det er ein alvorleg knappheit på ressursar. Spesielt på veg, har vi ikkje midlar til å drifte vegane tilfredsstillande. Vi ser at  ambisjonsnivået må senkast og vi må prioritere vekk ein heil del med oppgåver som ein svært gjerne kunne ønske å prioritere, men at ressurssituasjonen ikkje gjer dette mogleg å gjennomføre.