Om sektor for velferd - mål og utfordringar

Sektoren tek hand om tenesteområda institusjon, heimetenesta, bu og habilitering, dagsenter, helse og koordinering (legetenesta, psykiatri/rus, fysioterapi, ergoterapi og helsestasjon og institusjonskjøkken. I tillegg har vi tilsette i støttefunksjonar som mellom anna arbeidar med saksbehandling vedtak, eigenbetaling/vederlag/etterrekning, innkjøp, dokumentasjon husleigekontraktar, kostrarapportering og rapportering ressurskrevjande brukarar.

Vi har 7 einingar med einingsleiarar som har sjølvstendig fag-, personal- og økonomiansvar. Einingsleiarane rapporterer til kommunalsjef. Hareid kommune ved sektoren har tilsyn – og rettleiaransvar for BPA-ordninga, samt ansvar for å gjere vedtak. Tilsette i støttefunksjonar ligg direkte under kommunalsjef.

Hovudmålet for sektor for velferd er å gje tenester med god kvalitet gjennom brukardeltaking og kompetente medarbeidarar kombinert med at tenestene vert gitt innanfor vedtekne økonomiske rammer.

Sektoren arbeider systematisk for å vere ein kvalitets- og kompetanseorganisasjon. Langsiktig planlegging er viktig for å kunne nytte tilgjengeleg kompetanse og ressursar på den best tenlege måten for organisasjonen. Vi skal ha ei målretta og medvite haldning til kompetanse og utvikling for å yte gode og forsvarlege helse- og omsorgstenester. 

Årsverk: 125,01

Status / utfordringsbilde

Sektoren driftar effektivt når vi samanliknar oss med andre kommunar i landet. Utfordringa er kapasitet til å klare ei dreiing til meir førebyggande tiltak. Det vert gjort mykje godt arbeid av dei tilsette i sektoren, men når den daglege drifta tek all tid vert det lite rom for omstilling og omstillingstiltak . Ved å få styrka sektoren si ramme og også få inn ulike tilskot vil vi kunne starte på denne dreiinga i 2022 og lage ein plan for vidare utvikling i åra framover. 
Strategiske val for å utvikle berekraftige tenester er eit av hovudmåla for sektoren, noko som den nye helse- og omsorgsplanen også syner. Andre mål for sektoren er å utarbeide ein klarare standard på tenester (kvalitetsstandard på tenester), styrke kompetansen, bygge omdøme, utvikle leiarane og rekruttere og halde på dei tilsette.

Sektorens utfordringsbilete er svært samansett. Hovudfokuset er berekraftig utvikling, følgje opp strategi og kontinuerleg forbetring. Vi har etter kvart fått på plass gode planar som skal hjelpe oss med å nå desse måla og ta rette strategiske val.

2022 vert eit spennande år, med store utfordringar, men også eit år for nye moglegheiter.

Mål / tiltak 

  • Gjennomgang av alle delar av sektoren for å finne optimal/ berekraftig drift
  • For å oppretthalde kvalitet og tilbod - vurdere organisatoriske endringar 
  • Bygge og drifte nye bustadar for menneske med nedsett funksjonsevne (Pålhaugen)
  • Oppstart planlegging for heildøgns bemanna omsorgsbustadar
  • Optimalisere legetenesta i nært samarbeid med Hareid legesenter
  • Betre samarbeid, om felles tenestemottakarar, mellom sektorane
  • Vidareutvikle det tverrfaglege samarbeidet i høve til oppvekstvilkår for barn og unge i Hareid.