Påska 2024:

Tenestene våre har reduserte opningstider i påskeveka. Les meir her.

Om sentraladministrasjonen - må og utfordringar

Om sentraladministrasjonen - må og utfordringar

Sentraladministrasjonen består kommunedirektør og staben med avdelingane Personal- og organisasjon, Servicetorg og politisk sekretariat og Økonomi. NAV er organisatorisk lagt her. 

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Nytt av året er at stillinga for assisterande kommunedirektør er saldert som ein del av kabalen med å få budsjettet i balanse. Det har vore viktig for den utviklinga vi har lykkast med siste åra å ha ein slik funksjon, men vi treng å kome ned på lønsutgifter og då stillinga vart vakant var det vanskelig å unngå dette tiltaket. Konsekvensane er delte. På den eine sida får vi ikkje denne ekstra drivkrafta for utvikling, støtte for leiarar og rom for å jobbe ekstra med prosjekt og saker som kjem til kommunedirektøren sitt bord. På den andre sida må kommunedirektøren sjølv tettare på dei same tinga, noko som er positivt, men krevjande med tanke på kapasitet. Vi må vurdere korleis vi best mulig kan løyse oppgåver og ansvarsfordeling vidare.

Folkehelsekoordinator/SLT-kontakt er flytta til samfunnsutvikling i den nye eininga for  Næring, kultur og busetting

Årsverk: 13,9 
Tilsette: 15 
                                                  

Status / utfordringsbilete

Kommunekompassundersøkinga har vist at vi har mykje ugjort når det gjeld kommunen som arbeidsgjevar. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og eit auka fokus på dette vil vere naudsynt i tida framover, men stadige omstillingar. 

I samband med at vi fekk ei halv stilling til overs i samband med overføring av skatteoppkrevjarfunksjonen til staten vart det i fjor bestemt å styrke avdelinga Personal- og organisasjon med ei 50-prosent-stilling. Planen var å styrke arbeidet med helse-, miljø og tryggleik og sjukefråvær i organisasjonen. Skatteoppkrevjaren hadde økonomiutdanning og ein såg raskt at det var meir hensiktsmessig å nytte denne ressursen til økonomifunksjon. Kommunedirektøren ser det som nødvendig å styrke økonomikompetansen og kapasiteten inn mot både budsjettarbeid og oppfølging av budsjettarbeidet. Den ekstra stillingsressursen er difor no sett inn på nettopp dette, og vedkomande har fått ein funksjon som budsjettansvarleg. Vi manglar dermed framleis den styrken vi treng på organisasjons- og personalområdet, og vil fokusere på korleis vi kan løyse dette.
Sentraladministrasjonen si største utfordring er at her er få personar fordelt på eit svært bredt spekter av oppgåver og ansvarsområder. Dette gjer oss svært sårbare ved mellom anna fråvær. Leiar for servicetorget vikarierer for kommunalsjefen i velferd, og oppgåvene er fordelt på andre i den grad det går. Dette fungerer dårleg og må finne si løysing. 

Mål / tiltak

Sentraladministrasjonen skal syte for naudsynte stab- og støttetenester til kommunen sine tenesteytande einingar.  

Politikarar, publikum, samt andre offentlege og private verksemder skal få naudsynt og korrekt informasjon og service, utan unødig ventetid.  
Sentraladministrasjonen skal vere utviklingsorientert og ha eit spesielt ansvar for at heile kommunen si verksemd er i tråd med lov og retningslinjer og syte for at kommunen sitt omdøme vert forvalta på ein god måte. 

Sentraladministrasjonen skal vere pådrivar i arbeidet med Losen 2025, og aktivt bidra til at kommunen når målsettingane sine