Slik skal vi bruke pengene

Slik skal vi bruke pengene

Under kan du lese kva administrasjonen meiner Hareid kommune skal bruke pengar på i åra som kjem. Artikkelen er delt opp etter sektorane og om det er driftstiltak eller investeringstiltak. 

Budsjettprosessen i år har hatt særskilt fokus på samanlikning på tvers av sektorane. Det har siste åra vore ein auke i lønsutgifter knytt til tiltak rundt enkeltbrukarar, vikar, ekstravakt, overtid og kjøp av tenester til brukarstyrt personleg assistent. I tillegg har der vore ein auke på samfunnsutvikling som er knytt til stor aktivitet, og ei forventing om leveranse frå lokalsamfunn og næringsliv. 

Rammeoverføringane har ikkje auka tilsvarande så rammene må ned og budsjettet for 2022 er difor svært stramt. Her har vore ei stor rydding og nedskalering av budsjettpostar. Med unntak av i sentraladministrasjonen ligg her ikkje kutt på fastlønn til neste år, men det er gjort store reduksjonar på alle dei andre lønspostane. Det vil vere utfordrande for alle sektorane å halde budsjetta sine i 2022, og det vil krevje stram budsjettdisiplin og ein kontinuerlig prosess på leit etter meir effektive arbeidsmåtar. Det komande året skal nyttast til omstilling med siktemål å kunne redusere bruken av fastløn i resten av perioden. Det er lagt inn konkrete måltal på dette. Desse tala vil endre seg i takt med kor godt ein lykkast i 2021-budsjettet og endringar i rammeoverføringane. Investeringsutgiftene er også styrande med både omfang og utvikling av renteutgifter.

Sentraladministrasjonen
 

Sentraladministrasjonen sitt budsjett for 2022 er lågare enn for 2021. Stilling for assisterande kommunedirektør er ikkje vidareført, og Folkehelsekoordinator er flytta frå sentraladministrasjonen til Sektor for samfunnsutvikling. 

Det vart i fjorårets budsjett oppretta ei stilling som innkjøpskoordinator. Dette for å syte for å ytterlegare bygge opp kompetanse på innkjøp i eigen organisasjon i staden for å bruke eksterne konsulentar på innkjøp og kontrakt. Planen er å i all hovudsak finansiere stillinga gjennom prosjekt på investering, men noko av den må  belastast drifta. Dette var lagt inn med halvårseffekt i 2021, og heilårseffekt vidare i handlingsplanen. Ein fann ikkje rom for midlane så stillinga vart saldert i budsjettrevisjonen i juni 2021, og er ikkje vidareført i 2022-budsjettet. 

Driftstiltak

Tiltak 015: Sentraladministrasjonen:  Mobilt utstyr til å filme møter og arrangement: kr. 15 000
Kamera, mikrofon og evt PC. Alle folkevalde møte bør sendast digitalt for å nå flest mogleg. Utan mobilt kamera/mikrofon er vi prisgidde kommunestyresalen. Det må vere eit mål å kunne ha folkemøte utanfor rådhuset.

Tiltak 014: Sentraladministrasjonen: Kjøp av tenester på personvernombod frå IKMR        kr. 90 000
Ved å ha ei velfungerande personvernombodteneste kan vi unngå å kome i erstatningsposisjon, og vi treng å få vidareføre kjøp på dette slik vi har gjort i inneverande år. Vi har ikkje ressursar til å kunne ivareta ansvaret sjølve.

Læring og kultur

 

 

Sektoren si ramme er redusert kratig frå 2021 om ein ser vekk frå prisjusteringa. Dette fører til eit stramt budsjett for alle einingane i sektoren. Utgifter til vikar er redusert betraktelig, det same med ekstrahjelp.  Intergreringstilskotet som tidlegare vart ført på finans er no delvis ført på sektoren, ca 7 millionar. Kulturkonsulent og bibliotek, ansvar for ca 3,2 millionar er flytta til samfunnsutvikling. 

Driftstiltak

Ingen aktuelle

Investeringstiltak

Nye tiltak
Tiltak 077: Oppvekstkontoret - IT-utstyr til lærarar og elevar
Det skal kjøpast inn Chromebooks, Ipadar og anna IT-utstyr til Hareid skule, Bigset skule, Hjørungavåg skule og Hareid ungdomsskule. Samlar dette i eit felles investeringsprosjekt. Lisensar for 1. året er også teke inn i det totale beløpet. Ligg inne med 1,4 mill i løpet av fireårsperioden.

Tiltak 083: Inventar HUS og Syverplassen BHG
HUS: 100 000 pr/år. Rulleringsordning, byte ut elevpultar/stolar eitt klasserom pr år. Syverplassen BHG: 50 000 i 2022. Nye bord og stolar til avdelingane. Vidareført frå 2019.Ligg inne med kr. 450 000 i løpet av fireårsperioden.

Tiltak 047: Bigset Barnehage - Nytt kjøkken 1. og 2. etg og Snekkerbod
Nytt kjøkken 1. og 2. etg og Snekkerbod i 2022.

Tiltak 041: Bigset skule – Energipakke
Ny belysning/varme, ventilasjon, støydemping og himling, styring og SD-anleggFasade syd, skifte av vindu, solskjerming, inngangsparti og skifte av dører fasade nord, samt kostnadsbesparande tiltak knytt til energibruk. Dette medfører reduserte driftsutgifter i framtid.

Tiltak 044: Hareid skule - Ny taktekking 96-bygget
Tidlegare oppmeldt prosjekt som ikkje vart gjennomført.

Tiltak 048: Hareid Ungdomsskule - Utgreiing renovering/nybygg
Utgreiing renovering/nybygg skulebygg og symjehall.

Tiltak 049: Syverplassen barnehage - Ny personalavdeling (tilbygg)
Vudere ny personalavdeling (tilbygg) alternativt brakkeløysing

Tiltak 013: Utgreiing og førebuing av gymsal Hjørungavåg, ny barnehage m.v.
Dette er ein fellespost for utgreiing. Fleire av barnehagane har vedlikehaldsbehov. For å kunne drifte tidsmessige og effektive barnehagar skal ein vurdere samanslåing og nybygg. Ein skal også utgreie/vurdere behova ved gymsalen ved Hjørungavåg skule.
I tillegg ein del tekniske reparasjonar, brannseksjonering og rømningsvegar på fleire bygg. 

Velferd

Sektoren si ramme er auka frå 2021, dette gir ei meir realistisk ramme. I dette ligg det mellom anna at omgjering av tiltak frå i fjor med nedlegging og omgjering av institusjonsplassar er reversert med 3 millionar. Vidare er er ansvaret for brukarstyrt personleg assistanse (BPA) styrka med 2 millionar og refusjon ressurskrevjande bruakar er teke ned med om lag 5 millionar. Utgifter frå vikar er redusert og nokre av midlane der er brukt til å opprette to nye faste stillingar i ressurslag. 

 

Driftstiltak

022: Velferd: Evondos medisindispenser    25 000,-
Evondos - 10-15 stk medisindispensarar (velferdsteknologi). Heimetenesta administrerer ca 100 stk multidoser per månad. Administrering av legemidla har ulik grad frå utdeling av heil rull til hjelp å ta kvart enkelt legemiddel. 42 av rullane vert per i dag administrert frå kontoret. Det vil seie at ein deler ut dagsdose, eingangsdose, for tre dagar etc. Dette genererer også mykje tidsbruk på opplegg for utdeling neste døgn dagleg. I heimar der ein kun administrerer legemiddel som teneste, kjem tidsbruk til utdeling i tillegg (hadde sluppe dette besøket med dispenser). Vi har per i dag 30 stk av 42 stk som kunne klart å nyttegjort seg av medisindispenser. Dersom ein skal prioritere grunna kostnader også med å lease ei slik teneste er det ønskelig å bruke 10-15 medisindispensarar i tenesta fordelt mellom ambulant teneste (private heimar) og omsorgsbustader på Hadartun

031: Velferd: Koordinator helsefellesskapet      82 585,-    
Interkommunalt tiltak Hareid sin andel jf. Samhandlingsavtalen mellom kommunane og helseforetaket.

Investeringstiltak

Tiltak 018: Pålhaugen - Infrastruktur / konkurransegrunnlag
Det er utarbeida detaljert skisse på løysing for heile prosjektet. Løysing er utarbeida i samråd med brukarar og arkitekt, og vi har løysing klar for heile konseptet som består av leiligheter, personalbase, avlastningsboliger samt einskilde boligar i tillegg til leiligheter. Vi ser for oss at vi kan kome i gong med graving/bygging i siste del av 2022 og ferdigstilling i 2024. Heile prosjektet vil kome på 100.000.000,- (budsjettal)

Dei tilhøva vi har på Hjellebakken i dag er ikkje tilfredsstillande. Ny bygningsmasse vil både vere miljøvennleg og energieffektiv og resultere i forutsigbare driftskostnader i framtid.
Bustadane for utleige og avlastning til personar med psykisk utviklingshemming er for få, gamle og lite differensierte. I tillegg til at tilsette over år har vore fleksible og ikkje hatt gode fasilitetar som til til dømes pauserom. Pålhaugen som no er skissert tek høgde for alt dette. Vi vil få leilegheiter til utleige, eigen del med avlastning og nokre frittsåande småhus (i rekke) til utleige. Tenestene vil vere samla og der vil også vere eit fellesrom der brukarar kan kome til. For tilsette vil der mellom anna vere kontor, garderobe, pauserom og eige medisinrom. 
Å ha tenestene so samla vil gi ein god gevinst for både brukarar og tilsette. Fleire pårørande har venta lenge på eit tilbod og forventar at dette vert realisert no. 

Tiltak 028: Hareid Sjukeheim Hadartun oppgradering leilegheiter, inklusive skifting ventilasjon
Leilegheiter er frå 1992 og dei fleste leilegheitene er ikkje renovert tidlegare. Dei held ikkje krav til dagens standard. Mellom anna er det vanskeleg å få kopla til oppvaskmaskin (dårleg med plass). Her er dårlege forhold for bebuarar og tilsette, og det er kome innspel frå både leigetakarar og tilsette om at dette ikkje er bra. Jamfør også Agenda Kaupang, der leilegheitene vert klassifisert i relativt dårleg stand i høve langsiktig perspektiv. Det er tidlegare kartlagt løysing på ny ventilasjon som kan brukast direkte inn i konkurransegrunnlag.

Betre miljø/arbeidsmiljø som kan føre til mindre fråvær. Betre inneklima, reduserte kostnader til ventilasjon/oppvarming. Leilighetene ligg idielt til med si nære tilknytning til sjukeheimen. Desse må difor oppgraderast og definerast som heildøgns omsorgsbustadar.

Tiltak:    024: PROSJEKTLEIING - Utvikling av tomta til gamle helsesenteret og legekontor.
Bygget for det gamle legekontor/Helsestasjon er i dårleg forfatning. Ein må forhindre at bygget forfell og dreg unødige kostnadar. Eigedomen må rivast for å bruke tomta til nye formål med omsorgsbustadar og Hjelpemiddel. Nye bygg med lave driftskostnader vil gje kommunen innsparingar på sikt.

Antal eldre som treng hjelp stig  bratt utover dei komande åra. Omsorgsbustader i bukollektiv er eit kjend behov i omsorgstrappa. Vi må utgreie tiltaket nermare, men førebels tenkjer ein seg 10 – 15 bustadar på ca 30m2 med stue/kjøkenkrok (koke seg ein kaffi med besøkande, litt i kjøleskapet etc), skyvedør til soverom og bad, ivaretek «boliggjering» med eige opphaldsrom. Fellesareal for måltid og samlingsrom/stove. Medisinrom, skyllerom og personalrom for helsepersonell. 
Vidare base for ambulant del av heimetenesta. Basen dei har i dag for vaktrom og pauserom er for små, smittevern og avstand vanskelig under pandemien og behov for meir plass til utviding av tenesta for framtida. 

Området rundt vil med gangstiar, benkar og «hage» verte til bruk både for omsorgsbustader og sjukeheim. Vurdere garasjekjellar i bygget for tenestebilar i velferd og plassering av hjelpemiddellager.

Tiltak    023: Bygging av 2 stk ROP-boliger
Kommunen manglar ROP-boligar. Ein må utarbeide grunnlag for bygging/plassering av slike boligar. Når vi ikkje har ROP-boliger må vi bruke det vi har, og det fører ofte til auka kostnader i høve hærverk på boligar. Det må planleggast slik at det er mogleg å utvide med fleire boligar ved behov.
    
Tiltak 025: Hadartun Balkongar
Vidareføring skifte til nye balkongar på Hadartun

Tiltak 030: Hareid Sjukeheim Heimetenesta Carport for tenestebilar
Bygging av carport over open parkeringsplass for tenestebilar. Betre tilhøve i vinterhalvåret, samt mindre slitasje på tenestebilar når dei står under tak.
Meir slitasje på bilar, dårlege arbeidsforhold for tilsette i vinterhalvåret spesielt
Betre miljø/arbeidsmiljø som kan føre til mindre fråvær, samt meir effektivitet i tenesta (hurtigare responstid i vinterhalvåret)

Tiltak 029: Hareid Sjukeheim Heimetenesta Garderobe for tilsette
Heimetenesta har ikkje nokon plass å bytte klede, henge frå seg yttertøy. Dette fylgjer ikkje krava til smittevern. Betre miljø/arbeidsmiljø som kan føre til mindre fråvær

Tiltak 027: Hareid Sjukeheim Kjøkken alle institusjonseiningar 6 stk (fellesområde)
Nye kjøkken til fellesområda. Bytast ut med gamle slitte, defekte og uhygieniske kjøkken.
Uhygieniske forhold for bebuarar og ansatte. Betre miljø/arbeidsmiljø som kan føre til mindre fråvær

Tiltak 093: Kjøp av lokaler til Ungdomsklubb, aktivitetssenter
Her ligg inne midlar til kjøpe av lokale til felles bruk for dagaktivitetssenter og ungdomsklubb

Tiltak 082: VELFERD - Kjøp av møblar
Møblar til skjerma/heimetenesta m.fl. Mange av møblane ved sektoren er svært dårleg eller mangelfull. Her ligg inne 100 000 til kjøp årleg i perioden

Tiltak 080: VELFERD - Tenestebil
Ergoterapeut, fysioterapeut og tilsette i teneste for psykisk helse og rus må nytte eigne bilar i teneste. Her ligg inne kjøp i 2022

Tiltak 094: Bilpark
Tre bilar til heimesjukepleien i 2022

Tiltak 081: VELFERD - Utstyr til institusjon
Noko av utstyret er dårleg og uslitt. Dette gjeld potetskrellemaskin, ergonomisk heis og stor miksar. Her ligg inne 250 000 i 2022

Tiltak 079: VELFERD - Velferdsteknologi
Kr 200 000 årleg i perioden
I tillegg ei rekkje brannsikringstiltak som er definert under kommunal eigedom

Samfunnsutvikling


For 2022 har ein fått overført fleire ansvar frå Sektor for Læring og Kultur på om lag kr 3,2 mill. I tillegg til dette har ein teke over Folkehelsekoordinator frå Sentral- administrasjonen og det er etablert ei ny eining – Næring Kultur og Busetting som har fått ei ny stilling. For å få dette til har ein konsekvensjustert ramma ned med over 2 mill. Samstundes har ein konsekvensjustert inn midlar til mellom anna fiberutbygginga til Alme.

Driftstiltak

030: Samfunnsutvikling: Tettstadanalyse for Hareid sentrum kr 40 000
Midlar til innleige av ekstern kompetanse for å skaffe eit godt kunnskapsgrunnlag i forkant av ny områderegulering for Hareid sentrum. Midlane vil verte nytta inn i ei tettstadsanalyse som skal nyttast som føring når ein administrativt skal utarbeide ei ny områderegulering for Hareid sentrum.
Mangel av tiltak vil vanskeleggjere kunnskapsgrunnlaget som er nødvendig å få på plass for å utarbeide ny områderegulering. Det vil også truleg ta lenger tid grunna kapasitet.

032: Samfunnsutvikling: Medlemskap Sunnmøre Fritidsråd kr 60.000
Vert delfinansiert av Hareid kommune. Tiltaket er kostnadsregna til kr 102 000.

Investeringstiltak

078: BIBLIOTEK – Mediasystem kr 200 000
Biblioteket sitt noverande mediasystem fasast ut og nytt må på plass i 2022.

058: BUSTAD- OG NÆRINGSOMRÅDE - Bustadfelt Jørgenplassen kr 4 000 000
Grunnkjøp av ca. 37 mål. Reguleringskostnad, samt ev. tillegg er ikkje med i summen.

056: BUSTAD- OG NÆRINGSOMRÅDE - Bustadfelt Pålhaugen 3 kr 3 100 000
Grunnkjøp av ca. 7,4 mål, samt planleggingskostnader.

057: BUSTAD- OG NÆRINGSOMRÅDE - Bustadfelt Røyset kr 3 000 000 i 2024
Grunnkjøp av ca. 30 mål ferdig regulert bustadfelt på Røyset.


087: BUSTAD- OG NÆRINGSOMRÅDE - Holstadfeltet, bygging kanal kr 8 000 000
Herav 7 mill. grunnkjøp, resten er bygging av kanal.

098: BUSTAD- OG NÆRINGSOMRÅDE - Industriareal Nord kr 8 000 000
Tilrettelegging av sjøtilknytta næringsareal i Hareid.

075: BUSTAD- OG NÆRINGSOMRÅDE - K.L.-marka kr 3 200 000
Utbygging av infrastruktur.

086: BUSTAD- OG NÆRINGSOMRÅDE – Plassane kr 3 000 000
Grunnkjøp vert gjennomført i 2021. Kostnader til konsulent og infrastruktur er lagt inn.

004: HAMN - Betongkai - nordre molo kr 5 160 000
Trekaia på nordre molo står til nedfalls og er ikkje i forsvarleg stand. Slik kaia framstår no, kan den ikkje rehabiliterast. Kaia utgjer pr. dags dato ein risiko for personar og farty / utstyr som nyttar kaia.

006: HAMN - Rehabilitering av godsterminalkaia kr 14 100 000
Rehabiliteringa er inne med kr 10 000 000 i investeringsbudsjettet for 2021. Grunna kapasitetsproblem knytt til koronasituasjonen har prosjekteringa vorte forsinka og anbodsinvitasjonen er i skrivande stund sendt ut med ein tilbodsfrist sett til 23. september. Før denne runda er gjennomført har vi ikkje eksakt pristilbod og gjennomføringsplan. Gitt at prisen er akseptabel kan arbeidet settast i gong, men då er det lite truleg at heile prosjektet kan gjennomførast i 2021. Ein ser då føre seg at ein ikkje vil kunne bruke meir enn delar av budsjettet i 2021 og prosjektet bør då budsjetterast oppatt på nytt i 2022, for å dekke restarbeidet. Dersom ein legg ein føresetnad om halvveges utført prosjekt i 2021, vil ein anslagsvis ha behov for kr 5 000 000 i 2022.

062: IDRETTSANLEGG - Utskifting av kunstgras Hareid KGB kr 5 625 000 i 2024
Etter rapport frå miljøbefaring svinn av gummigranulat 8. juni 2021 av Sunnmøre fotballkrets bør kunstgraset på Hareid KGB skiftast ut i løpet av eit par år.

089: IDRETTSANLEGG - Utskifting til LED Hareid KGB kr 600 000
Eksisterande armatur er øydelagt og må skiftast. Ein vel å skifte til LED då dette gir innsparing på drift i form av reduserte straumutgifter.

097: KLIMA, MILJØ OG BEREKRAFT - Aksjeteikning i Runde Forskning AS kr 100 000
Runde Miljøsenter AS er i ferd med å omorganisere seg, og inviterer kommunane på Søre Sunnmøre til å bli medeigarar i eit nytt FOU-selskap - Runde Forskning AS. Hareid kommunstyre takka nei til invitasjonen i møtet 06.09.21, men ba kommunedirektøren vurdere saka på nytt i budsjettframlegget.

011: PARK- OG GRØNT - Toalett ved Nessetelva kr 1 200 000
Etablere toalett ved Nessetelva. Eksisterande prosjekt 65401.

012: PARK- OG GRØNT – Tusenårsplassen kr 5 750 000
Opparbeide parkareal på Tusenårsplassen. Generell prisstigning på material og anleggsarbeid.

034: PROSJEKTLEIING - Bigset skule - Manglande brannseksjonering og rømningsvegar kr 500 000
Brannteknisk rapport av 17.06.2021 avdekka manglande brannseksjonering og ledsystem
Dårleg sikkerheit ved rømning/brann. Brannsikkerheit/Tryggleik. Branncelle Teknisk Rom.

040: PROSJEKTLEIING - Bigset skule - Nye vassrør/avløpsrør kr 600 000
Nye vassrør/avløpsrør Teknisk Rom.

094: PROSJEKTLEIING Bilpark kr 1 300 000
Tre bilar til heimesjukepleia og ein på administrasjon.

020: PROSJEKTLEIING - Disponible midar for å ivareta uforutsette og akutte behov, samt avslutning av vedtekne prosjekt kr 3 500 000
Vidareføring av prosjekt 70140. Disponible midlar for akutte behov og avslutning av prosjekt som strekker seg over tid. Akutte behov belastar drift i alt for stor grad.
Resulterer i meir forutsigbar drift.

016: PROSJEKTLEIING - Hareid brannstasjon – nybygg kr 25 000 000
Vi ser at det vil vere føremålstenleg å bygge heilt ny brannstasjon på tomta som er på Kommunalteknikk uteavdeling i dag. Samtidig byggjer vi om eksisterande brannstasjon til kommunalteknikk uteavdeling og Driftsteknikarar på Eigedom. Naudsynte kontor til desse einingane vil vi få inn i det nye bygget til brannstasjon.
Vi hentar erfaring frå bygging av brannstasjon i nabokommuna.
Tiltaket vil stette krav frå Arbeidstilsynet med omsyn til garderobeløysing og ventilasjonsanlegg. Arbeider med sal av telebygget.

026: PROSJEKTLEIING - Hareid Sjukeheim Gangbru over taket mellom heimeteneste og Hadartun 4.etg. kr 250 000
Dette er eit pålegg frå brannvern grunna at dette er rømningsvegen for dei som bur i 4.etg. på Hadartun. Ein må også sikre med rekkverk på gesims.
Naudsynt på grunn av pålegg.
Resulterar også i ei sikker kryssing av taket, i dag kan det føre til skader på tak når vi beveger oss der, dette kan igjen føre til lekkasjer og følgeskader.

031: PROSJEKTLEIING - Hareid Sjukeheim Manglande brannseksjonering og rømningsvegar kr 800 000
Brannteknisk rapport av 17.10.2020 avdekka manglande brannseksjonering og ledsystem
Dårleg sikkerheit ved rømning/brann.
Brannsikkerheit/Tryggleik.

045: PROSJEKTLEIING - Hareid skule - Ny varmtvannsbereder 96-bygget kr 150 000
Ny varmtvannsbereder 96-bygget

046: PROSJEKTLEIING - Hareid skule - Nytt Elanlegg 96-bygget kr 150 000
Nytt Elanlegg 96-bygget.

032: PROSJEKTLEIING - Hjellebakken 6 Manglande brannseksjonering og rømningsvegar kr 500 000
Brannteknisk rapport av 09.07.2021 avdekka manglande brannseksjonering og ledsystem
Dårleg sikkerheit ved rømning/brann. Brannsikkerheit/Tryggleik.

033: PROSJEKTLEIING - Hjellebakken 8 Manglande brannseksjonering og rømningsvegar kr 400 000
Brannteknisk rapport av 18.06.2021 avdekka manglande brannseksjonering og ledsystem
Dårleg sikkerheit ved rømning/brann. Brannsikkerheit/Tryggleik.

035: PROSJEKTLEIING - Hjørungavåg Skule Manglande brannseksjonering og rømningsvegar kr 500 000
Brannteknisk rapport av 26.03.2021 avdekka manglande brannseksjonering og ledsystem
Dårleg sikkerheit ved rømning/brann. Brannsikkerheit/Tryggleik.

017: PROSJEKTLEIING - Renovering Hareid Rådhus - BT2 kr 10 000 000
Opprinnelig vedtak skifte av vindu og varmeanlegg Rådhuset, samt innreie for leigetakar.
Vi får meir energieffektiv bygningsmasse som vi har full kontroll på, samt reduserte kostnader til oppvarming via Batterivarmen.

019: PROSJEKTLEIING - Tilbygg kyrkjelydshuset (bedehuset) kr 7 500 000
Konkurranse er lyst ut i år, graving/bygging i 2022.
Ny bygningsmasse som både vil vere miljøvennleg og energieffektiv. Dette vil medføre forutsigbare driftskostnader i framtid. Oppvarming vil her verte tilknytt varmeanlegget på Rådhuset. Sparte utgifter til husleige frå 1.1.24 i noverande lokale.

021: PROSJEKTLEIING - Vedlikeholdspakke i høve Vedlikeholdsplan (Investering) kr 5 000 000
Utgangspunkt i vedlikeholdsplan der vi slår saman tiltak for å få det som investering.
Avhjelper etterslep på vedlikehold av bygningsmasse. Resulterer i gode bygningar som er energieffektive og formålstenelege.

099: STARTLÅN-UTBETRINGSTILSKOT – Startlån kr 10 000 000
Auka ramme for startlån. Målsetting om auka nyetablering.

007: UTBYGGINGSOMRÅDE - Pålhaugen infrastruktur kr 2 000 000
Utbygging av infrastruktur Pålhaugen bustadområde.
063: VEGAR – Hjulgravar kr 3 000 000
Kjøp av hjulgravar for å ivareta driftsoppgåver.

091: VEGAR - Holstad rundkøyring kr 3 500 000
Bygging av rundkjøring. Estimert kostnad 60 mill. Legg til grunn tilskot på 12,5 mill frå private og 30 mill frå fylket. Refusjon frå fylket kjem neppe før prosjektet er ferdigstilt.
009: VEGAR - Lyspakke - veg, utskifting til LED i gatelys kr 1 000 000
Skifte ut til LED i gatelys. Eksisterande lampar er ikkje lenger i produksjon så utskifting av pærer er ikkje mogleg. I tillegg ligg der føre eit pålegg frå eltilsynet som krev at styringsmekanisme for gatelys må flyttast ut av trafoer slik at det er tilgjengeleg for fleire.

010: VEGAR - Miljøgata - ferdigstille ombygging tilkomst eigedomar kr 100 000
Tilstelling etter prosjekt miljøgate.

100: VEGAR - Naudsynt arbeid Almevegen kr 3 000 000
Almevegen treng eit minimum av arbeid no, auvhengig av etablering hyttefelt/feriesenter.
Dersom slikt hyttefelt/feriesenter vert etablert legg ein til grunn at kommunestyret finansiering full oppgradering av vegen etter anleggsperioden, som førebels er berekna å vare i 5 år.

008: VEGAR - Ombygging veg helsehus kr 2 400 000
Ombygging av veg rundt helsehuset.

065: VEGAR – Oppgraderingspakke kr 7 500 000
Nødvendig oppgradering av vegstrekningar etter eiga prioriteringsliste. Etter avtale med revisor.

014: VEGAR - Veg kyrkjelydshuset kr 625 000
Omlegging av veg i samband med påbygg kyrkjelydshuset.

SJØLVKOST

095: ANLØP : Kai Tusenårsplassen kr 4 000 000
Kai Tusenårsplassen.

059: AVLØP - Bjåstad – Grimstad kr 3 000 000
Legge avløpsledning mellom Grimstadvatnet og fylkesvegen. Eigedomane i retning Grimstadvatnet har privat avløpsanlegg med avrenning mot vatnet (forureining). Ved å legge ny avløpsleidning vert forureining fanga opp og nye abonnenter vert knytt til kommunalt nett.

070: AVLØP - Avløp til Nesset kr 3 000 000
Framføring av avløp (og vatn) til Nesset ihht politisk vedtak.

064: AVLØP - Avskjære overvatn Ytre Hareid kr 2 500 000
Ein har kartlagt moglegheita for ei avskjerande grøft over byggjefeltet på Ytre. Konsulentar har sett på ulike løysningar og konkludert med at dei anbefalar å opne eksisterande bekkar, samt å oppgradere eksisterande bekkeinntak og fornye leidningsnett. Ein vil på denne måten få redusert mengde overvatn som renn nedover feltet. Summen er eit estimat.

054: AVLØP – Bakkevegen kr 1 500 000
Eksisterande prosjekt 65724. Legge avløp i Bakkevegen.

066: AVLØP - Fornying avløpsnett kr 1 200 000
Fornying avløpsnettet.

071: AVLØP - Kyrkjegata – Jets kr 2 500 000
Omlegging av hovedkloakk då disse røra er i dårleg stand. Mellom anna for å kunne opparbeide det framtidige Pålhaugen bustadområde, knytte til fotballhallen samt knyte seg på det nye reinseanlegget.

015: AVLØP – Overåsanden kr 3 000 000
Prosjektnummer 65719. Avløpsanlegg Overå.

050: AVLØP – Reinseanlegg kr 1 000 000
Etablering av reinseanlegg for avløp. Total kostnad over planperioden kr 75 000 000.

068: AVLØP - Separere leidning Hareidselva kr 3 000 000
Prosjektnr. 67518. Gamal fellesleidning som kloakken renn gjennom (Indre Hareid). Må utskiftast grunna øydelagd/ forureining.

051: AVLØP - Sjøleidning Raffelneset kr 7 000 000
Utsleppsleidning avløp. Eksisterande utsleppsledning ved godsterminalen (ytre Hareid) er øydelagt og det renn no i overløp. Ny utsleppsledning må difor byggast på indre Hareid i tilknytning til det nye reinseanlegget. Dette heng også saman med den nye avløpsledninga som er under bygging over Pålhaugen.

052: VATN - Fornying vassnett kr 600 000
Oppgradering og fornying vassnett.

074: VATN - Gamle Brandalsveg kr 200 000
Gammal vassledning av støypejern, må byttast ut.

061: VATN - Grimstad-Holstad kr 500 000
Legge ny vassleidning. Gamle rør av støypejern som ligg i fylkesveg må byttast og samstundes leggast i ny trasè.

072: VATN - Kyrkjegata – Jets kr 2 000 000
Fornying av vannrør då disse røra er i dårleg stand. Mellom anna for å kunne opparbeide det framtidige Pålhaugen bustadområde, knytte til fotballhallen samt knyte seg på det nye reinseanlegget.

053: VATN - Legge om leidning frå vassbehandlingsanlegget kr 1 000 000 i 2023
Eksisterande prosjekt 65608. Legge om leidning frå vassbehandlingsanlegget.

055: VATN - Nødvatn tankar kr 300 000
Eksisterande og pågåande prosjekt 65618. Etter tilsyn frå mattilsynet må vi ha nødvatn i tankar. Nokre er innkjøpt. Det er eit pågåande samarbeid med Ålesund og andre kommunar om å finne ei løysing.

060: VATN – Trykkaukestasjon kr 4 000 000
Eksisterande prosjekt 65620. Pr. dags dato er det eit problem med undertrykk i øvre byggefelt om det vert tatt ut store mengder vatn på leidningsnettet. Dette gjelder blant anna områda Teigane, Holstad, Geilebakken, Bigset og Nevstad. For å unngå problem med undertrykk i desse områda er det foreslått å lage nye trykksoner på Teigane, Bigset og Geilebakken ved å bygge eller bygge om eksisterande trykkaukestasjon.

073: VATN - Utbetring høgdebasseng kr 500 000
Rekkverk og tak for sikring av høgdebassenget.

069: VATN - Vatn til Nesset kr 3 000 000
Framføring av vatn (og avløp) til Nesset ihht politisk vedtak.