Plan for førebygging av omsorgssvikt og utvikling av åtferdsvanskar 2026–2036

Plan for førebygging av omsorgssvikt og utvikling av åtferdsvanskar 2026–2036

Hareid kommune vil vere ein trygg og god stad å vekse opp. Denne planen viser korleis kommunen vil arbeide systematisk for å førebygge omsorgssvikt og utvikling av åtferdsvanskar hos barn og unge – gjennom tidleg innsats, inkludering og godt samarbeid mellom tenestene.

Kvifor denne planen?

Barn og unge i Hareid har mykje som er bra rundt seg, men statistikk og lokale erfaringar viser òg utfordringar. Nokre barn strevar meir på skulen, fleire ungdommar står utanfor arbeid og utdanning, og ein del familiar har behov for ekstra støtte. Samtidig har kommunen fått fleire flyktningar og lever med tronge økonomiske rammer. Dette gjer det ekstra viktig å bruke ressursane klokt og sette inn tiltak tidleg – før utfordringar utviklar seg til alvorlege problem.
 

Overordna strategi

Planen byggjer på tre hovudgrep som skal ligge til grunn for alt førebyggande arbeid i kommunen:
 

  1. Inkludering: Alle barn og unge skal kjenne seg velkomne og som ein del av fellesskapet – uansett
    bakgrunn. Inkludering handlar om å leggje til rette for deltaking i barnehage, skule, fritid
    og nærmiljø, og om å motverke utanforskap og einskap.
     
  2. Tidleg innsats: Jo tidlegare vi oppdagar og følger opp utfordringar, jo betre effekt får innsatsen. Planen
    legg vekt på å gripe inn tidleg, både gjennom universelle tiltak som når alle, og gjennom
    ekstra støtte til barn og familiar som treng det. Tidleg innsats er ikkje berre bra for barnet og familien, men òg den mest berekraftige måten å bruke ressursane på for kommunen.
     
  3. Risiko- og beskyttelsesfaktorar: Planen tek utgangspunkt i kva som kan auke risiko for problem (som utrygge relasjonar, låg sosial støtte eller dårleg skulemiljø), og kva som beskyttar barn og unge (som trygge vaksne, gode relasjonar og inkludering i fellesskap). Målet er å redusere risiko og styrke det som verkar positivt.
     

Førebygging på fleire nivå

Kommunen jobbar førebyggande på tre nivå:

  • Universelt nivå: Tiltak som gjeld alle barn og unge, som barnehage, skule, helsestasjon, fritidstilbod og foreldrestøtte.
  • Selektivt nivå: Tiltak retta mot grupper som har større risiko for utfordringar.
  • Indikert nivå: Tiltak for enkeltbarn og familiar med klare teikn på vanskar.
     

Ein viktig bodskap i planen er at ansvaret for førebygging ligg hos alle tenester.
 

Samarbeid som nøkkel

Eit gjennomgåande trekk i planen er behovet for god samhandling. Ingen teneste kan løyse dette åleine. Difor legg planen stor vekt på tverrfagleg samarbeid mellom barnehage, skule, helse, barnevern, politi og andre instansar.
Verktøyet Betre tverrfagleg samhandling (BTS) skal vere ei «raud tråd» i arbeidet, slik at barn og familiar opplever kommunen som samordna, oversiktleg og tilgjengeleg.


Framtidsbiletet – kvar vil Hareid kommune?

I framtida ønskjer Hareid kommune å bruke meir av ressursane sine på førebygging framfor «reparasjon». Barn og unge skal vekse opp i inkluderande oppvekstmiljø som fremjar trivsel, læring og livsmeistring. Tenestene skal samarbeide tett og målretta, og familiar som treng støtte skal få hjelp tidleg – helst i eigen kommune og av tilsette med god kompetanse. Over tid ønskjer kommunen å sjå:

  • mindre utanforskap
  • fleire som fullfører skule og utdanning
  • færre alvorlege saker som krev plassering utanfor heimen

Støttande team er peikt ut som ei hovudsatsing i dette arbeidet, og skal vere ein sentral ressurs tett på barnehagar og skular, både for læringsmiljø og psykisk helse.
 

Planen har eit tydeleg framtidsmål:

Hareid skal førebyggje før problema oppstår – og stå saman rundt barna våre.

Vil du lese heile planen?

Gå inn på denne lenka: Plan for førebygging av omsorgssvikt og utvikling av åtferdsvanskar 2026-2036