Kven kan røyste i kommune- og fylkestingsvalet?

Kven kan røyste i kommune- og fylkestingsvalet?

For å kunne røyste i kommmune- og fylkestingsvalet, må du vere innført i manntalet. Alle personar med røysterett vil automatisk bli innført i manntalet i den kommunen de var registrert busett per 30. juni valåret.

Bustadadresse

Har du flytta til ein anna kommune etter 30. juni, er du registrert i manntalet i den kommunen du flyttet frå. Det er i den kommunen du er manntalsført i, du kan røyste i på valdagen. Dersom du ikkje har moglegheit til å røyste i kommunen du er manntalsført i på valdagen(-ane), kan du førehandsrøyste i heile landet, men røysta di blir talt i kommunen du er manntalsført i.

Røysterett

Røysterett ved kommune- og fylkestingvalet:

Norske statsborgarar som

  • vil ha fylt 18 år innan utgangen av valåret og som
  • ikkje har mist røysteretten etter Grunnlova paragraf 53 og som
  • er, eller nokon gong har vore, folkeregisterførte som busette i Noreg. Tilsette i diplomatiet eller konsulatstellet og husstanden deira har røysterett sjølv om dei ikkje oppfyller busetjingskriteriet.

Ikkje-norske statsborgarar som oppfyller dei andre krava, dersom dei

  • har stått innførte i folkeregisteret som busette i Noreg dei tre siste åra før valdagen, eller
  • er statsborgar i eit anna nordisk land og er blitt folkeregisterførte som busette i Noreg seinast 30. juni i valåret.

Sjekke eller rette mantalet?

Dersom du meiner at du sjølv eller nokon andre, urettmessig er blitt innført eller utelate frå manntalet i kommunen, kan du krevje at feilen blir retta.

Kravet må vere skriftleg, grunngjeve og må sendast til valstyret i kommunen. Du kan nytte denne lenka. Eller sende brev til

Valstyret i Hareid kommune
Rådhusplassen 5
6060 Hareid

Manntalet for Hareid kommune er tilgjengeleg for offentleg ettersyn på servicetorget på rådhuset. Det er også mogleg å ringe sentralbordet på 70 09 50 00 for å sjekke manntalet eller sende e-post til postmottak@hareid.kommune.no.

Dersom du har spørsmål om manntalsføring, utover å sjekke om du eller andre står/ikkje står i manntalet, kan du kontakte valansvarleg Erlend Friestad på e-post: erlend.friestad@hareid.kommune.no.