Bustadadresse
Har du flytta til ein anna kommune etter 30. juni, er du registrert i manntalet i den kommunen du flyttet frå. Det er i den kommunen du er manntalsført i, du kan røyste i på valdagen. Dersom du ikkje har moglegheit til å røyste i kommunen du er manntalsført i på valdagen(-ane), kan du førehandsrøyste i heile landet, men røysta di blir talt i kommunen du er manntalsført i.
Røysterett
Røysterett ved kommune- og fylkestingvalet:
Norske statsborgarar som
- vil ha fylt 18 år innan utgangen av valåret og som
- ikkje har mist røysteretten etter Grunnlova paragraf 53 og som
- er, eller nokon gong har vore, folkeregisterførte som busette i Noreg. Tilsette i diplomatiet eller konsulatstellet og husstanden deira har røysterett sjølv om dei ikkje oppfyller busetjingskriteriet.
Ikkje-norske statsborgarar som oppfyller dei andre krava, dersom dei
- har stått innførte i folkeregisteret som busette i Noreg dei tre siste åra før valdagen, eller
- er statsborgar i eit anna nordisk land og er blitt folkeregisterførte som busette i Noreg seinast 30. juni i valåret.
Sjekke eller rette mantalet?
Dersom du meiner at du sjølv eller nokon andre, urettmessig er blitt innført eller utelate frå manntalet i kommunen, kan du krevje at feilen blir retta.
Kravet må vere skriftleg, grunngjeve og må sendast til valstyret i kommunen. Du kan nytte denne lenka. Eller sende brev til
Valstyret i Hareid kommune
Rådhusplassen 5
6060 Hareid
Manntalet for Hareid kommune er tilgjengeleg for offentleg ettersyn på servicetorget på rådhuset. Det er også mogleg å ringe sentralbordet på 70 09 50 00 for å sjekke manntalet eller sende e-post til postmottak@hareid.kommune.no.
Dersom du har spørsmål om manntalsføring, utover å sjekke om du eller andre står/ikkje står i manntalet, kan du kontakte valansvarleg Erlend Friestad på e-post: erlend.friestad@hareid.kommune.no.