Moderasjonsordning i barnehagen

Maksprisen for ein heil barnehageplass er 3040 kroner per månad. Prisen gjeld frå 1. august 2019. Det er staten som bestemmer maksprisen.

Kven kan få moderasjon?

Frå 1.8.2019 er der endringar i regelverket som gir rett til moderasjon i barnehagebetalinga.
Føresette som har samla skattepliktig inntekt under kr 548 500 kan søke om redusert foreldrebetaling.  Er barnet over to (2) år gjeld:

  • Ingen skal betale meir enn 6 prosent av inntekta sin til barnehagen.
  • Er barnet 2, 3, 4 eller 5 år eller har utsett skulestart og den samla inntekta er under kr 548 500, vert det etter søknad innvilga 20 timar gratis kjernetid.

Ordninga følgjer barnehageåret og vert til vanleg innvilga frå månaden etter at alle opplysningar er mottatt i kommunen.

Korleis få tenesta?

 

Søk om gratis kjernetid og redusert foreldrebetaling.

Til søknadsskjemaet lastar du opp følgjande vedlegg:

  • Sjølvmelding frå 2018 (gjeld for barnehageåret 2019/2020)
  • Og/eller stadfesting av lønsinntekt per i dag (ved t.d. endra inntekt frå 2018) Du kan sende inn kopi av 3 lønsslippar for inneverande år
  • Kopi av vedtak om stønad frå NAV.

Du kan og sende vedlegga per post, eller levere dei på servicetorget ved Hareid Rådhus.

Meir informasjon

Les forskrifta om foreldrebetaling i barnehagar.
Les meir om foreldrebetaling hos Utdanningsdirektoratet.

Pris

Betalingssatsar for barnehage - foreldrebetaling 01.08.19-31.12.19 Søskenmoderasjon i barnehage vert: 30% for barn nr 2 og 50% for barn nr 3 og fleire.
Betalingssatsar for barnehage - foreldrebetaling 01.08.19-31.12.19
Tilbod Sats utan rabatt Sats med 30 % rabatt Sats med 50 % rabatt
5 dg per veke- 100% 3040 2128 1520
4 dg per veke - 80 % 2432 1702 1216
3 dg per veke - 60 % 1824 1277 912
3 dg/2 dg per veke - 50 % 1520 1 064 760
Før kl. 17.00 (ordinær stengetid) Pris pr. einskildtime utover standard tilbod ved faste avtalar: Inntil 3 timar kr. 70,- pr. time. 4 timar og meir kr. 270,-
Etter kl. 17.00 (ordinær stengetid). Pris pr. einskildtime utover standard tilbod ved tilfeldig overtid Per på begynt time kr. 190,-