Avløp

Avløp

Kommunen er ansvarleg for at alle som er knytt til kommunale avløpsleidningar, får leida vekk avløpsvatn og reinsa dette i samsvar med gjeldande lover og forskrifter.

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.
STANDARD ABONNEMENTVILKÅR

Avtaleforholdet mellom abonnent og kommunen som leverandør av vatn og avløpstenester er regulert ved tekniske og administrative føresegner i Standard abonnementsvilkår.

Dei administrative føresegnene finn ein ved å følgje denne lenkja til VA-jus

Dei tekniske føresegnene kan ein kjøpe på nettsidene til Kommuneforlaget AS.

Dei tekniske føresegnene gjeld i hovudsak for utførande entreprenør som koplar den private VA leidninga til den kommunale leidninga, samt for prosjekterande av VA anlegg.

 

TILKNYTNING TIL KOMMUNAL AVLØPSLEDNING

Det må søkjast om løyve til Hareid kommune for å knyte seg til kommunale avløpsleidningar. Ansvarleg søkjar skal vere røyrleggar med ansvarsrett. Det skal leggjast ved skisse av planlagt tiltak.

Søknadsskjemaet på denne lenka skal nyttast ved søknad om tilknyting til kommunale avløpsleidningar. 

Kommunen kan krevje at den enkelte eigedom skal vere tilknytt kommunale avløpsleidningar dersom leidningane går i nærleiken av eigedommen og det ikkje medfører ein uforholdsmessig stor kostnad. Reglane for dette finnast i plan- og bygningslova § 27-2.

Graving på kommunal grunn krev graveløyve. Søknad om graveløyve skal sendast inn via dette skjemaet som ligg på denne lenka. 

Dersom du må grave over ein annan sin grunn, krev dette godkjenning frå grunneigar. Det anbefalast å ha ei skriftleg avtale som gir rett til å ha leidningar over ein annan sin grunn. Ei slik avtale kan tinglysast.  

TØMING AV SEPTIKTANK

Eigedommar som ikkje er tilknytt det kommunale avløpsnettet, må etablere eigne private avløpsløysningar. Slike anlegg reinsar avløpsvatnet lokalt ved hjelp av slamavskiljar, tett tank eller minireinseanlegg. Etablering av private avløpsløysningar er søknadspliktig.

Tenesteleverandør for slamtøming er Franzefoss Gjenvinning.

Franzefoss Gjenvinning har følgjande kontakttelefonar:

Kor ofte vert slamavskiljaren tømt?

  • Bustadar vert tømt kvart 2. år.
  • Fritidsbustadar vert tømt kvart 4. år.

Kven kan få fritak?

Eigedomar som står ubrukt over fleire år kan få friktak frå slamtøminga.

Treng du ekstratøming eller naudtøming?

Tøming utanfor vanleg tømefrekvens vert rekna som ei ekstratøming som huseigar må betale sjølv. Ekstratøminga kan bestillast direkte hos Franzefoss Gjenvinning. Eigar bestemmer sjølv kven han vil bruke til å få utført ekstratøminga.

Sluttøming

Dersom du har slamavskiljar og skal kople ut tanken, dekkjer Hareid kommune kostnaden i samband med sluttøming. Slamavskiljaren vert då teke ut av dei kommunale tømerundene. Ta kontakt med kommunen for å avtale dette.

Når og korleis vert eigar varsla?

Eigar får tilsendt informasjon på sms i god tid før slamtøminga vert utført. Anlegget må då vere tilgjengeleg og klargjerast for tøming.

 

SØKNAD OM UTSLEPPSLØYVE

Dersom det er behov for etablere eller utbetre eit privat avløpsanlegg må det søkast om utsleppsløyve.

Dette er søknadspliktig:

  • Ved alle nye utslepp av avløpsvatn til grunn eller vassdrag
  • Ved vesentleg utviding/endring av eksisterande utslepp
  • Ved utslepp som i dag ikkje vert reinsa på tilfredsstillande måte

Her finn du lenka til søknadsskjemaet skal nyttast for å søke om utsleppsløyve. 

Meir informasjon kan du få ved å trykke denne lenka til forureiningsforskrifta kapittel 12. 

Artikkelliste