Vassforsyning

Vassforsyning

Drikkevatn som kommunen leverer skal vere hygienisk trygt, klart og utan lukt, smak eller farge. Det skal ikkje innehalde fysiske, kjemiske eller biologiske komponentar som kan medføre helsefare.
Forsyning av drikkevatn er underlagt Drikkevannforskriften som stiller krav til vasskvalitet, godkjenning og drift av vassverka.

Hareid kommune har si vassforsyning frå Hammarstøylvatnet og har reinseanlegg på Nesset.

Vasskvaliteten vert kontrollert og dokumentert gjennom eit fastlagt prøvetakingsprogram.
Kommunen skal varsle abonnentane om planlagde driftsavbrot og forhold som påverkar drikkevasskvaliteten.

Har du problemer med drikkevatnet? Kontakt vakttelefonen vår.

I Hjørungavåg har dei eige vassverk. 

STANDARD ABONNEMENTVILKÅR

Avtaleforholdet mellom abonnent og kommunen som leverandør av vatn og avløpstenester er regulert ved tekniske og administrative føresegner i Standard abonnementvilkår.

Dei administrative føresegnene finn ein ved å følgje denne lenkja.  

Dei tekniske føresegnene kan ein kjøpe på denne lenka til Kommuneforlaget AS.

Dei tekniske føresegnene gjeld i hovudsak for utførande entreprenør som koplar den private VA leidninga til den kommunale leidninga, samt for prosjekterande av VA anlegg.

TILKNYTNING TIL KOMMUNALE VASSLEIDNINGAR

Det må søkjast om løyve til Hareid kommune for å knyte seg til kommunale vasssleidningar. Ansvarleg søkjar skal vere røyrleggar med ansvarsrett. Det skal leggjast ved skisse av planlagt tiltak.

Dette søknadsskjemaet skal nyttast for å søke om tilknytning til kommunale vassleidningar.

Kommunen kan krevje at den enkelte eigedom skal vere tilknytt kommunale vassleidningar dersom leidningane går i nærleiken av eigedommen og det ikkje medfører ein uforholdsmessig stor kostnad. Reglane for dette finnast i plan- og bygningslova § 27-1.

Graving på kommunal grunn krev graveløyve. Søknad om graveløyve sendast inn via skjemaet på denne lenka.

Dersom du må grave over ein annan sin grunn, krev dette godkjenning frå grunneigar. Det anbefalast å ha ei skriftleg avtale som gir rett til å ha leidningar over ein annan sin grunn. Ei slik avtale kan tinglysast. 

VASSMÅLAR

Regelverket for vassmålarar følgjer av forskrift om vatn- og avløpsgebyr som du finn på denne lenka. 

Næringseigedommar er pålagde å ha vassmålar. Private veljer sjølv om dei ynskjer å ha vassmålar.

  • Vassmålaren er kommunen sin eigedom og kostnaden ved sjølve vassmåleren vert dekkja av kommunen.
  • Abonnenten skal halde målaren lett tilgjengeleg for avlesing og kontroll. Vert målaren vekk eller skada, skal abonnenten melde frå til kommunen.
  • Installasjon av vassålaren skal utførast av godkjent røyrleggar. Etter montasje skal vassmålaren plomberast av røyrleggar eller kommunen.
  • Utgifter til installasjon eller flytting av vassmålaren skal dekkast av abonnenten
  • Kommunen kan krevje årsavgifta fastsett etter stipulert forbruk heile året når målaren har vore ute av funksjon av tekniske grunnar
  • Vassmålaren skal plasserast frostfritt og i rom med sluk
  • Avlesing av vassmålaren skal foretas ein gong kvart år. Abonnenten leser av og melder inn målarstanden til kommunen.
  • Dersom avlesing ikkje vert utført eller meldast inn til kommunen innan ei gitt tid, vert årsforbruket stipulert.
  • Kommunen kan til ei kvar tid, evt. etter skriftleg søknad frå abonnenten, foreta kontroll av målaren. Dersom kontrollen viser ei feilavlesing på +/- 5%, vert gebyret justert og evt. utskifting av målaren skjer utan kostnad for abonnenten.
  • Når vassmålaren er montert, kan den ikkje fjernast utan kommunen sitt samtykke.

 

Kontakt

Ronny Nesset
fagkoordinator vatn
E-post
Mobil 90 36 99 24