Alkohol-sal, Hareid innovasjonssenter og flyruter

Det er nokre av sakene som skal opp i formannskapet over helga. Klikk for stort bileteI dette møtet skal formannskapet gå gjennom alle skjenke og salsløyva for alkohol i kommunen. Pexels.com/vedanti  

Formannskapet i Hareid kommune skal ha møte 14. september kl 12. Her er lenke til alle saksframlegg og vedlegg. Under får de eit samandrag.

https://innsyn.hareid.kommune.no/wfinnsyn.ashx?response=mote&moteid=82&

 

Hareid innovasjonssenter

I førre formannskapsmøte fekk formannskapet presentert ideen om Hareid innovasjonssenter av vekst i Hareid. Tanken er at eit slikt senter kan ligge i Åsendalen, ved parken og innehalde næringslivslokale, kulturhus, ungdomsskule, kulturskule med meir. Det er eit næringslivsinitiert prosjekt der ide såg føre seg at kommunen kunne kjøpe ut eller leige lokale når bygget stod ferdig.

Ei slik løysing kan bli vanskeleg då det er stor risiko for at kommunen bryt lovverket knytt til offentleg innkjøp. Det blir derfor skissa opp ein modell der kommunen er hovudaktør, men inngår ein samspelsentreprise med næringsliv og aktørar.

«Administrasjonen ser på dette som eit svært spennande konsept som vi ser vil kunne ha fleire positive ringvirkningar for samfunnet i Hareid. Tidspunktet er dog ikkje optimalt med tanke på at vi er i prosess med å utarbeide ny Samfunnsplan, vedlikehaldsstrategi og vedlikehaldsplan som alle vil gi oss svar på kva som bør vere hovudprioriteringane for kommunen framover», skriv fungerande rådmann Kariann Bigseth i saksframlegget

Dersom det likevel er politisk vilje til å gå vidare med dette prosjektet på noverande tidspunkt må dette skje på ein måte som ikkje utsetter kommunen og kommuneøkonomien for større økonomisk risiko enn det vi kan handtere.

Rådmannen tilrår derfor at formannskapet ber administrasjonen om å arbeide vidare med prosjektet.

17. september inviterer Vekst i Hareid og Hareid kommune til informasjonsmøte om Hareid innovasjonssenter. Kom til Melhorn hotell kl 18 med dine idear og innspel. Her finn de meir informasjon om arrangementet.

 

Sjenke- og salsløyve

Kvart fjerde år vedtar kommunen ein alkoholpolitisk handlingsplan. Når den er på plass, må alle med sjenke- og salsløyve søkje på nytt. Kommunen har mottatt skjenkesøknadar frå seks aktørar og salsløyve frå tre. Rådmannen tilrår at alle dei som har skjenke- og salsløyve i dag blir godkjende.

Ein ny aktør som har søkt, Lokalbrygg AS, bør ikkje få løyve, meiner administrasjonen. Dette er ein nasjonal nettbutikk som sel alkoholhaldig drikk opp til og med 4,7 prosent frå småskalaprodusentar. Dei søkjer om å få selje desse varene over nett og med utlevering via Posten.

Administrasjonen grunngir avslaget mellom anna med at det opnar for impulskjøp og det vil vere vanskeleg å gjennomføre salskontroll.

I Ulstein kommune gav kommunestyret samrøystes avslag til same aktør då dei handsama salsløyva sine i juni.

Alle skjenke- og salsløyva vil bli endeleg avgjort av kommunestyret 24. september.

 

Revisjon av delegeringsreglementet

Til denne saka blir formannskapet utvida med dei som leiar partigruppene i kommunestyret. Fleire av gruppeleiarane sit allereie i formannskapet, men to gjer det ikkje. Derfor vil det møte ni personar i denne saka.

Kommunestyret har (nesten) all makt i kommunen, men dei har ikkje kapasitet til å bestemme alt. For å sikre effektiv drift, blir mykje av vedtaksmyndet til kommunestyret sett bort til underliggande organ, som formannskap og levekårsutvalet – eller administrasjonen – gjennom sokalla delegering.

Desse delegeringane blir samla i eit delegeringsreglement. Då er det lett for alle å ha oversikt over kva som ligg til dei forskjellige organa og administrasjonen.

Denne saka har vore til politisk handsaming i fleire omgangar. Dette blir nest siste runde. I dette møtet i formannskapet skal medlemmane (og gruppeleiarane) kome med innspel til eventuelle endringar på det reglementet rådmannen foreslår.

Rådmannen skal så gå gjennom forslaga og legge fram ein siste versjon til politisk handsaming til dei politiske organa og kommunestyret i oktober.

 

Lønspolitisk plan

Hareid kommune har per i dag ikkje ein lønspolitisk plan, noko som har vore sakna både av administrasjonen og dei tillitsvalte til dømes i forbindelse med lønsforhandlingane. Administrasjonen har difor, i tett samarbeid med dei tillitsvalde, utarbeidd ein lønspolitikk. Denne har vore drøfta med dei tillitsvalte og dei har hatt siste utkast til uttale. Endelig utkast ligg som vedlegg til denne saka.

Det er kommunestyret som tar den endelege avgjersla i møtet 24. september.

 

Vedlikehaldsstrategi

Kommunen har i lengre tid mangla vedlikehaldsstrategi for eigedomsmassen forvalta av kommunal eigedom FDV. Administrasjonen ønsker med denne saka å presentere utarbeidd vedlikehaldsstrategi slik at ein får vedteke ein langsiktig plan for den kommunale eigedomsmassen.

Det er kommunestyret som tar den endelege avgjersla i møtet 24. september.

 

Rutetilbod Hovden lufthamn

Widerøe har varsla dramatiske endringar i rutetilbodet og dette kan få store negative ringverknader for næringsliv og innbyggarar i regionen.  Det kan verte naudsynt at kommunane på søre Sunnmøre gir ein uttale i det høvet. I tilrådinga frå rådmannen ligg følgande uttale, som formannskapet kan vedta å sende til samferdselsministeren:

1. Dagens situasjon er kritisk. Direktekjøp av flyruter frå staten må halde fram etter Widerøe’s varsla dramatiske endringar frå 1/10-20. Det må halde fram til ein nasjonalt har på plass ei ordning for dei flyplassane som er ramma av både kommersialisering og korona-problematikken. Dagens situasjon er kritisk for næringslivet og innbyggjarane i det regionale nedslagsfeltet til flyplassen. Det hastar derfor med ei avgjerd på dette for å unngå eit nedskalert rutetilbod som får konsekvensar for samfunnsutviklinga.

2. Statleg kjøp (4 ruter Oslo/Hovden) som før kommersialiseringa starta i 2016 må gjeninnførast for å sikre stabilt, samfunnsnyttig og føreseieleg flytilbod til Oslo for  Hovden sitt nedslagsfelt på 70.000 menneske. Kun to statskjøpte anløp til Hovden vil vere totalt i ubalanse i høve trafikktala.

3.Hareid formannskap oppmodar samferdselsministeren om å ta initiativ til å setje ned ei felles arbeidsgruppe frå bransje og myndigheiter med mandat om å sjå på nasjonale flytilbod, avgiftspolitikk, rammeavgifter og den teknologiske utviklinga ein står framfor, og bringe dette inn for luftfartsutvalet. 

 

Aksjekjøp i Rovdefjordsambandet?

Rovdefjordsambandet as er eit selskap som har til formål å arbeide for realisering av fast samband mellom Koparnes/Bjørlykke i Vanylven kommune og Storeneset/Saude Indre i Sande kommune.  Hareid kommune har tidlegare kjøpt aksjar for kr 70 000 i dette selskapet. Dei inviterer no til ein aksjeemisjon på 300 aksjar, kvar pålydande kr 5000,- - til saman 150.000 kroner.

Rådmannen tilrår formannskapet om å takke nei til tilbodet på grunn av kommunen sin økonomiske situasjon.

 

I tillegg til desse sakene skal formannskapet bli orientert om arbeidet med ny legeavtale og Holstadfeltet.

 

Kommunestyret

Fleire av sakene som skal opp i dette formannskapsmøtet, skal bli endeleg handsama i kommunestyret 24. september. Det møtet kan de følgje direkte her på heimesida eller Facebook-sidene til Hareid kommune frå kl 18.

https://www.facebook.com/hareidkommune/

I dette møtet skal også kommunestyret handsame fleire av sakene frå førre formannskapsmøte.