Saker til formannskapet 31. august

Dele opp kommunale fakturaar, fleire bustadar, flagging frå rådhuset og samarbeid om kommunepsykolog er nokre av sakene som formannskapet skal ta stilling til. Klikk for stort bilete 

Hareid formannskap skal møtast 31. august klokka 12. Folkevalde møte skal normalt sett vere opne for publikum. På grunn av koronakrisa vil ikkje ålmenta få fysisk tilgang. Media er invitert, men andre må følgje forhandlingane via nett. Du får påminning om livesendinga om du likar Hareid kommune på Facebook. Sendinga vil også bli lagt ut på heimesidene i etterkant.

Her kan du lese fullstendig innkalling (PDF, 217 kB) og tilleggsinnkalling (PDF, 971 kB) med saksframlegg.

 

Dele opp fakturaar frå kommunen?

Det har kome fleire ønske frå innbyggarar om å få dele opp fakturaane for dei kommunale avgiftene/eigedomsskatt. I dag får innbyggarane faktura tre gonger i året. Det kan blir ein relativt stor sum å handtere. Ved å dele opp fakturaane i fleire terminar kan betalingstrykket reduserast.

Rådmannen tilrår at kommunen investerer i eit system der den enkelte innbyggar sjølv får velje tal på årlege terminar, skreddarsydd til sine eigne ynskjer og behov. Ei slik løysing er framtidsretta og serviceorientert. Dette vil føre til noko meirarbeid og litt auka kostandar for kommunen.

 

Mogleg samarbeid om kommunepsykolog

Frå 2020 har det vore krav at alle kommunar skal ha kommunepsykolog. Hareid har i tre omgangar forsøkt å tilsette psykolog utan hell. Det er stor etterspurnad etter slik kompetanse i heile spesialisthelestenesta.

Eit samarbeid med andre kommunar har tidlegare vore vurdert av kommunestyret. Vedtaket den gang blei at Hareid kommune sjølv skal søkje etter  ein kommunepsykolog som skal ha tilhald på helsehuset.

På grunn av den vanskelege rekrutteringssituasjonen, ber rådmannen dei folkevalde på nytt om å vurdere samarbeid. Dei aktuelle samarbeidspartnarane er Ulstein, Vanylven og Sande, som allereie er i et slikt samarbeid.

 

Ønske om meir areal til budstadføremål

Utbyggarane av bustadfeltet på Brekkane ønsker å endre reguleringsplanen for feltet. I dagens plan ligg det inne areal til skule, barnehage og omsorgsbudstadar. Utbyggarane (Trelast/Hadarhus) ønsker å kunne nytte også dette arealet til budstadføremål. Det vil gjere at kostnadane med infrastruktur kan delast på fleire tomtar.

Rådmannen går for at ønsket blir oppfylt. Det vil vere igjen tilstrekkeleg areal til skuleutbygging. Arealet som var tenkt til barnehage og omsorgsbustader må ein finne erstatning.

 

Orientering om Trudvang

Meir om den kan du lese her.

 

Kva flagg skal vaie frå kommunen sine flaggstenger?

Regjeringa har sendt ut forslag til nyt flagglov på høyring. Dei legg fram fire alternativ. Enkelt forklart:

  • Som i dag (andre flagg må kun nyttast når det er arrangement i bygninga)
  • Meir eller mindre som i dag (andre flagg kan nyttast i samband med merkedag el, men må ikkje vere knytt til konkrete arrangement i bygninga
  • Nesten fullt frislepp (regler om andre lands flagg)
  • Fullt frislepp (lov om flagging på kommunens offentlege bygningar blir oppheva)

Sjølv om dei andre alternativa gir kommunen stor fridom til å sjølv velje flagg, tilrår rådmannen at Hareid kommune ber regjeringa gå for å vidareføre dagens reglement. Rådmannen meiner at å endre lova vil medføre meir administrasjon og kostnader. Ein må lage nye reglement og regulering av dette. Endra flaggbruk kan også skape press og motsetningar i befolkninga som ein ikkje ynskjer.

Les meir om høyringa på regjeringa sine sider.​​​​​​​

 

Evaluering av felles brannvern Hareid og Ulstein

Hareid kommune samarbeider med Ulstein om felles brannvesen. I avtalen står det at samarbeidet skal evaluerast etter to år. Brannsjefen har lagt fram ein plan på korleis denne evalueringa kan føregå. Administrasjonen har nokre innvendingar til denne og inviterer dei aktuelle politiske utvala til å kome med innspel til korleis evalueringa skal utførast.

 

Elles vil formannskapet handsame følgande saker:

  • Månadsrapport juli 2020
  • Resultat av rettsmekling

 

Her kan du lese fullstendig innkalling (PDF, 217 kB) og tilleggsinnkalling (PDF, 971 kB) med saksframlegg.