Kommunedirektøren føreslår ikkje strukturendringar, men varslar vidare tilpassing av bemanninga til barnetala.
Erlend Friestad
Kommunedirektør Bent Arild Grytten har lagt fram sitt budsjettforslag. I innleiinga skriv han følgande:
Hareid kommune er på rett veg. Vi har ein godkjend plan for å kome ut av ROBEK, og driftsresultatet er langt betre enn det var for berre få år sidan. Men vegen er lang, og den er smal. Skal vi lukkast, må politikarar, tilsette, tillitsvalde og administrasjon stå saman om dei same måla. Og vi må halde fast ved at sjølv i ei stram tid skal vi leite etter moglegheiter, ikkje berre avgrensingar.
Les heile budsjettdokumentet her
Her er nøkkelpunkt frå budsjettet:
Dette er føreslått eller vidareført
- Vidare omstilling: Gjennomføre tiltak i fase 2 og fase 3 av omstillingsprosjektet som handlar om å redusere talet på tilsette.
- Bemanning i barnehage og skule: Halde fram med å tilpasse bemanninga etter kvart som mindre barnekull kjem.
- Pålhaugen: Innflytting ved årsskiftet 2026/2027. Venta gevinst gjennom meir effektiv drift innan bu og habilitering må realiserast og følgjast opp.
- Arbeid mot utanforskap: Vidareføre Støttande team og samarbeidet mellom sektorane, utan styrking.
- Eigedomsskatt: Vidareføre satsen på 4,0 promille for bustader og fritidseigedomar. Budsjettert inntekt er 16 millionar kroner i 2027.
- Investeringar i vatn og avløp: 174 millionar kroner av om lag 190 millionar i investeringar i varige driftsmiddel i planperioden gjeld vatn og avløp, finansierte gjennom gebyr. Sjøleidning og reinseanlegg Raffelneset er det største prosjektet.
- Andre investeringar: Nye styringsanlegg ved sjukeheimen og skulane, ombygging av Hjellebakken 6 og 8 til kommunale leilegheiter og ombygging av rådhuskjellaren til Newton-rom.
- Låneopptak: Ta opp mindre i nye lån enn kommunen betaler i avdrag i 2027 og frå 2029. Investeringa i reinseanlegg på Raffelneset gir eit planlagt unntak i 2028.
- Næringsutvikling, hamn og cruise: Føre arbeidet vidare med ressursane i basisorganisasjonen etter avslutninga av Vekst i Hareid-prosjektet.
Dette er ikkje føreslått eller prioritert
- Ingen endring i skulestrukturen i år: Kommunedirektøren føreslår ikkje strukturendringar, men varslar vidare tilpassing av bemanninga til barnetala.
- Driftstiltak for om lag 25 millionar kroner er ikkje prioriterte i 2027: Mellom desse er innmelde tiltak knytte til personleg assistanse og særskild norskopplæring i skulen, betre helgebemanning og kreftsjukepleiar i heimetenesta, og kommunepsykolog.
- Investeringsønske for om lag 75 millionar kroner er ikkje tekne med: Mellom anna djupvasskai, nye garderobar ved ungdomsskulen, Hareidhallen og symjehallen, og oppgradering av kommunale vegar.
Vegen vidare for budsjettet
No er det opp til dei folkevalde å lose budsjettet i hamn med dei eventuelle endringane dei ønsker. Fyrst ut er handsaming i levekårsutvalet og næring- og miljøutvalet. I tillegg skal råd for menneske med nedsett funksjonsevne, eldrerådet og ungdomsrådet få seie si meining. Det skjer 18. januar.
Så er det formannskapet sin tur 23. november. Dei skal sende sitt budsjettframlegg på høyring fram til kommunestyret fattar endeleg vedtak 10. desember.
Slik kan du påverke budsjettet
Allereie no kan du sende innspel til budsjettet og stille spørsmål. 18. november klokka 18 blir det også folkemøte der du også kan stille spørsmål og kome med innspel.
Les meir om folkemøtet her.
Les meir om korleis du kan sende inn innspel her.