Dei fyrste "spadetaka" er tekne i prosjektet som skal byte ut vasskummane i Melshornlia/Vadbakkane. Det betyr at vegen vil vere stengt her ved sykkelvegen ned til Bruageila ei stund framover.
Vebjørn Groven
Aurvoll og Furesund AS har starta arbeidet med å skifte ut den fyrste vasskummen i Vadbakken.
Det blir ikkje stenging av vatnet denne veka, men det blir nødvendig å stengje vatnet i neste veke. Dei som blir råka av stenginga vil få eigen SMS dagen før avstenging.
For å gjennomføre arbeidet må vi stengje tilkomstvegen/gang- og sykkelvegen ved Bruageila og Løysingsteinen i om lag ei veke. Dette er nødvendig for å hente fram leidningar som ligg i begge vegane og kople dei til den nye vasskummen. Omkøyring via den nye vegen gjennom bustadfeltet på Plassane.
Les meir om prosjektet i denne artikkelen.