Arbeidsmiljøprisen 2019 til Nav Hareid-Ulstein-Sande

«Med ein slik gjeng blir alt lettare!» seier leier Anders Norvald Hammer.

  

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

På grunn av avgrensingane på grunn av koronaepidemien, måtte ein ta i bruk utradisjonelle verkemidlar for å overrekke Arbeidsmiljøprisen 2019. Utdelinga blei derfor halde på videomøte.

 – Ut frå arbeidsmiljøutvalet sine kriterier for tildeling, går årets pris utan tvil til ein verdig vinnar, sa Stein Veland og Siv Bente Suleiman då Arbeidsmiljøprisen 2019 ble tildelt Nav Hareid-Ulstein-Sande.

Vil du ha nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen? Meld deg på nyheitsbrev her.

Inkluderande

Nominasjonen er mellom anna grunngitt med at kontoret er drive på ein målretta, strukturert og inkluderande måte. Det har vore ein tydeleg struktur og strategi for utvikling av dei tilsette på kontoret. Dette klarar ein ikkje utan at ein har glede, humør og takhøgd, skriv forslagsstillaren. 

Nav Hareid-Ulstein-Sande har dei siste åra arbeida mykje for å etablere eit interkommunalt samarbeid i dei tre kommunane. Samtidig som dei har bygd opp ein ny organisasjon, er det drive mykje utviklingsarbeid, mellom anna med tilbod om utvida oppfølging. Dei er også eitt av dei to spydspisskontor i Noreg innan marknadsarbeid der dei skal bidra til tenesteutvikling og innovasjon som kan delast og gi læring på tvers i Nav. 

Positive

– I samtaler med leiar Anders Norvald Hammer, er han veldig tydeleg på at han opplever ein veldig framoverlent og positiv medarbeidergruppe. Han seier at «Med en sånn gjeng blir alt lettare. Vidare vil eg berømme dykk for at de ga så god nabohjelp i vinter, utan dykkar hjelp, hadde innbyggarar og tilsette i Herøy-Vanylven hatt det betydelig vanskelegare enn det blei, sa Stein Veland, fylkesdirektør i Nav Møre og Romsdal under overrekkinga.

– For eigen del kan eg legge til at det alltid er kjekt å kome til dykk. De er hyggelege og inkluderande, sa Stein Veland.

– Gratulerer med prisen - alle saman!

Sju nominerte

Ved tildelinga av arbeidsmiljøprisen ble det overrakt eit bilde av kunstnaren Thorstein Rittun.

Det var til saman sju nominerte til pris. Dei øvrige nominerte var: Lilliann Annelise Ludvigsen Brobakk (Nav Fræna-Eide), Nadine Deidok (Nav Molde), Nav Midsund, Susann Hatlelid (Nav Ålesund), Svein Morten Sivertsen (Nav Molde), Siv Bente Suleiman (Nav Ålesund). Dette var også gode kandidatar som fekk med blomster for nominasjonen.