Bli med når kommunen øver på informasjonspunkt – vinn premie
Onsdag 28. oktober øver Hareid kommune på å opprette informasjonspunktet som skal brukast dersom mobilnettet og internett fell ut. Innbyggjarane er inviterte til å besøke øvinga på biblioteket på helsehuset mellom klokka 16 og 19.
Erlend Friestad
Under eit reelt bortfall vil kommunen bruke informasjonspunktet på biblioteket til å dele informasjon frå overordna styresmakter og leverandørar, forklare korleis kommunen organiserer tenestene, og gi råd om kva innbyggjarane bør gjere i situasjonen.
Vi håpar at mange kjem innom og testar korleis informasjonspunktet fungerer. Alle som besøker øvinga mellom klokka 16 og 19, blir med i trekninga av eigenberedskapsutstyr. Fleire andre beredskapsaktørar vil også vere til stades slik at du kan lære meir av og om dei.
Publisert 09.10.2026 14:33
Sist endra 09.10.2026 14:34