Erlend Friestad
Møtet er som vanleg ope for publikum og du kan sjå det direkte eller i opptak frå klokka 1600. Det vil også vere eit førebuande møte i formannskapet frå klokka 1515 same dag.
Les heile saklista og alle tilhøyrande sakspapir her.
Budsjett, budsjett, budsjett
Den store saka i kommunestyret er budsjettet med tilhøyrande saker. Dei folkevalde skal vedta rammene for neste år. Utgangspunktet for diskusjonen i kommunestyret er formannskapet sitt framlegg til budsjett.
Det kan du lese her og seie di meining om.
Til budsjettet ligg også sakene om eigedomsskatt og tiltaksplan for nedbetaling av meirforbruket.
Ønsker å halde på éin valkrins
Valresultatet i stortingsvalet er klart for lenge sidan, men i dette møtet skal valansvarleg presentere evalueringa av korleis vi gjennomførte stortingsvalet i Hareid kommune.
Eit av dei viktigaste måla for valgjennomføring i Hareid kommune er at «alle som vil røyste, får røyste». I år blei dette lagt ekstra vekt på i og med at vi gjekk ned frå fire røystestadar til éin. Det var viktig at endringa ikkje hindra nokon i å røyste. Samstundes såg vi ikkje på det som ei stor utfordring, då det er svært korte avstandar i kommunen og ein raus førehandsperiode.
Resultatet blei som venta – ingen har meldt frå at dei ikkje fekk røyste på grunn av endringa. Tilbakemeldingane frå veljarane, også personar som vanlegvis har røysta i krinsane, har i all hovudsak vore at dette fungerte veldig bra. Administrasjonen ønsker derfor at denne ordninga no blir fast
Også nytt i år var at røystestyra som folkevald organ var ein saga blott. Vi måtte derfor tilsette eller nytte eigne tilsette personar som valmedarbeidarar. Lenge vurderte vi å lyse ut eksternt, men fant til slutt ut at vi kunne satsa på eigne tilsette.
Vi hadde elles ingen negative hendingar eller avvik.
Her kan du lese heile evalueringa.