Den nye Hareids-filmen viser kvifor det er godt å bu – og kome – til Hareid

Hareid er ein stad det er godt å vere, og godt å kome til. No er den nye Hareids-filmen lansert – ein film som på få minutt samlar det beste kommunen har å by på, og som skal bidra til stoltheit, bulyst og tilflytting.

Dronefoto frå Overåsanden. I bakgrunnen ser du heilt inn til Hareid sentrum - Klikk for stort bileteStillbilete frå filmen Nanseth Media

Filmen hadde premiere 5. mai og er produsert av Nanseth Media på oppdrag for Vekst i Hareid.

Sjå filmen i botn av artikkelen.

 

Destillert Hareid på fire minutt

Bak filmen ligg over eitt år med filming og store mengder råmateriale. Dette er no destillert ned til ein film på rundt fire minutt, der ei rekkje aktørar, miljø og stemningar frå heile kommunen er med. Langt over 100 personar har stilt opp på filmen. Vi kan nesten garantere at du ser nokon du kjenner.

Målet har vore å vise fram breidda i Hareid – frå kvardagsliv og natur til næring, fellesskap og moglegheiter.

LES OGSÅ: Hareid er femminuttsbygda!

 

Eit supplement til næringslivsfilmen

Hareid har frå før ein eigen film som presenterer næringslivet i kommunen. Den nye Hareids-filmen er laga som eit supplement til denne, med større vekt på bulyst, trivsel og fellesskap.

Saman skal filmane gi eit heilskapleg bilete av Hareid som ein attraktiv stad å bu, arbeide, etablere verksemd og besøke.

 

Byggjer omdøme og stoltheit

portrett - Klikk for stort bileteProsjektleiar i Vekst i Hareid, Christine Erdal, jobbar for å skaffe nok midlar til å etablere Newton-rom i Hareid kommune også Erlend Friestad

Eit viktig mål med filmen er å byggje eit positivt omdøme for Hareid kommune – både utad og innad. Filmen skal bidra til at innbyggarane kjenner på stoltheit over kommunen sin, samstundes som han rettar seg mot potensielle tilflyttarar, verksemder og besøkjande.

– Hareid er ein stad det er godt å vere, og godt å kome til. Det ønskjer vi å formidle gjennom denne filmen, seier prosjektleiar i Vekst i Hareid, Christine Erdal.

LES OGSÅ: Vil du date Hareid kommune?

 

Kan brukast fritt til å promotere Hareid

Filmen er meint å leve lenge og kan brukast av alle som ønskjer å promotere Hareid kommune. Både næringsliv, kommune og andre aktørar står fritt til å ta filmen i bruk, til dømes:

  • i rekruttering av nye tilsette
  • ved sal av bustadtomter
  • i presentasjonar og marknadsføring

 

Vekst i Hareid har finansiert filmprosjektet.

Sjå filmen under, eller via denne lenka.

Vil du vakne opp til denne utsikta?