đź’™ Vil du date Hareid? Er du klar for noko varig? - Hareid kommune

đź’™ Vil du date Hareid? Er du klar for noko varig?

Vi spurte innbyggarane om dei beste sidene ved Hareid kommune – slik at vi kunne skrive ein spanande dating-profil. Her er resultatet:

ein mann som held ein mobiltelefon. PĂĄ skjermen bli det vist ein fiktiv tinderprofil utforma som Hareid kommune - Klikk for stort bileteVille du sveipa til høgre her? Erlend Friestad/pexels.com

Alder: Tidlaus
Bustad: Midt i hjartet av Sunnmøre
Status: I full utvikling
Ser etter: Nye innbyggarar, dyktige kollegaer og fleire som vil vere med ĂĄ skape gode dagar

 

✨ Om meg

Eg er ei vakker bygd i Sunnmøre som kombinerer det beste av natur, folk og moglegheiter. Her vaknar du med fjell og fjord rett utanfor døra, og sovnar med kjensla av å høyre til. Eg ligg sentralt i regionen – med kort veg til vidaregåande skular, byliv, flyplassar, kollektiv og ein stor, variert arbeidsmarknad.

Eg utviklar meg stadig, og trivst aller best når folk engasjerer seg – i næringsliv, frivilligheit, kultur eller kvardagspraten på kafeen.

 

🌱 Mine beste sider

  • Folka: Utruleg mange kjekke, varme og kunnskapsrike menneske. Her møter du engasjement, dugnadsĂĄnd og ekte vilje til ĂĄ fĂĄ ting til – saman.
  • Naturen: LĂĄgterskelopplevingar eller luftige fjellturar? Sommarbading, vinterbading, bærtur, soppsanking eller ein stille roleg kveld ved fjorden – du vel.
  • Born og unge: Rikt aktivitetstilbod, gode oppvekstvilkĂĄr – og barnehagar og skular med dyktige, varme tilsette.
  • Kulturbygda: Levande kulturliv, eldsjeler med drivkraft og mykje som skjer – fordi folk bryr seg.
  • Næringslivet: Sterkt, spennande og framtidsretta. God samhandling mellom næringsliv, kommune og organisasjonar skaper utvikling og arbeidsplassar.
  • Det gode livet: Koselege kafĂ©ar, Sunnmøres finaste badestrand – og den beste saunaen i mils omkrets 

 

đź§­ Interesser

Friluftsliv i alle former, gode samtalar, musikk – frĂĄ kor og korps til rock og elektronika, fellesskap,  kultur, utvikling, barnelatter, robuste arbeidsplassar og langsiktige relasjonar.

 

đź’¬ Eg ser etter deg som

  • vil bu ein stad der det er rom for bĂĄde ambisjonar og kvardag. 
  • ønskjer ein trygg og aktiv oppvekst for borna dine. 
  • vil bruke kompetansen din i eit spanande arbeidsliv – og samstundes ha tid til fjelltur etter jobb. 
  • har lyst til ĂĄ vere med og forme framtida, ikkje berre flytte inn i ho.

 

👉 Kjenner du deg igjen?
Ta kontakt. Hareid er klar for deg 

Interessert i jobb?

Interessert i tomt?