Desse ville gjere samfunnet betre for personar med demens

19 personar deltok på Hareid kommune sitt kurs i demensvenleg samfunn.

Oppstilte kursdeltakarar - Klikk for stort bileteHer er kursdeltakarane som no veit meir om korleis dei best kan ta imot personar med demens. Silje Kiperberg Aksnes
Kurshaldar, storskjem og deltakarar sett bakfrå - Klikk for stort bileteDemenskoordinator i Hareid kommune leia kurset i demensvenleg samfunn. Silje Kiperberg Aksnes

Målgruppa for kurset, som blei halde 19. september, var dei som møter menneske med demens i jobben sin, mellom anna som butikktilsett, frisør eller som handverkar. Kurset vart arrangert av demenskoordinator Kamilla Grimstad Hagen og folkehelsekoordinator (vikar) Silje Kiperberg Aksnes. Det var Kamilla som leia og underviste på kurset.

LES OGSÅ: Hareid blir demensvenleg samfunn

Alle som deltok fekk med eit raudt klistremerke som dei kan feste ved inngangen til si bedrift som synleg bevis på at dei er kursa i demensvenleg samfunn, så sjå etter desse neste gang de er på tur i sentrum.

Eit meir demensvenleg samfunn er avgjerande for mange og bra for alle. Personar med demens blir meir sjølvhjelpne og kan leve aktive liv lengst mogleg. Ved å bli møtt med respekt og forståing, vil personar med demens og deira pårørande oppleve tryggleik, fridom og verdigheit. Kunnskapen bidreg til at arbeidskvardagen til personar i ulike serviceyrke vert enklare.

Vi håper å arrangere eit nytt kurs neste haust, men om du lurer på noko før det er det berre å ta kontakt med Kamilla eller Silje.

Her kan de sjå ein liten film om kvardagen med demens:

Dei som deltok på kurset har fått slike klistermerker dei kan klistre til dømes på døra si. Då veit personar med demens og deira pårørande at tilsette har gjennomført kurset.