Erlend Friestad
Møta er som vanleg opne for publikum. Sjølve møtedelen er på rådhuset, medan presentasjonen av budsjettet og folkemøtet er på biblioteket.
Her kan du lese alle sakspapira.
Under følger eit samandrag av dei viktigaste sakene:
Budsjett for 2027
Begge utvala skal handsame budsjettet for 2027 før det går vidare til formannskapet. Dette skjer fyrst i eit felles folkemøte. Der legg kommunedirektøren fram sitt forslag til budsjett. Utvala går så kvar til sitt og handsamar budsjettet.
Folkemøtet er klokka 18., 18. januar og er sjølvsagt ope for alle. Du kan allereie no sende inn innspel og spørsmål til budsjettet.
Les meir: Alt om budsjettet og folkemøtet
Eigedomsskatten blir foreslått halden på fire promille
Begge utvala skal handsame eigedomsskatten for 2027. Kommunedirektøren foreslår å halde skattesatsen på fire promille for private bustadar og fritidseigedomar. Dette er venta å gi kommunen inntekter på om lag 15 millionar kroner neste år. Det blir ikkje foreslått botnfrådrag, medan ordninga med fem års fritak for nybygde bustadar blir vidareført.
For eigedomar der kommunen ikkje kan bruke bustadverdiar frå Skatteetaten, til dømes fritidsbustadar og våningshus, blir det foreslått å auke dei kommunale takstane frå 2014 med ti prosent. Det er rekna med at dette vil gi rundt 67 000 kroner meir i inntekter i 2027. Saka skal vidare til formannskapet før kommunestyret gjer endeleg vedtak.
Vil busette inntil 30 flyktningar
Integrerings- og mangfaldsdirektoratet har oppmoda Hareid kommune om å busette 30 flyktningar i 2027. Kommunedirektøren meiner kommunen har kapasitet til dette og foreslår at Hareid seier ja til å busette inntil 30. Familiesameinte kjem eventuelt i tillegg.
Kommunen har busett relativt mange flyktningar dei siste åra. Målet for 2026 er 55, medan det blir lagt opp til eit lågare nivå neste år. Busetting av 30 er også lagt til grunn i budsjettet for 2027. Kommunedirektøren meiner dette nivået vil gi stabile rammer for integreringsarbeidet og gjere det mogleg å halde på kompetansen som er bygd opp. Levekårsutvalet skal handsame saka før ho går vidare til formannskapet og kommunestyret.
Felles kontor for helse- og omsorgstenester
Hareid, Herøy, Sande og Ulstein vurderer å opprette eit felles forvaltningskontor for helse- og omsorgstenester. Kontoret skal mellom anna handsame søknadar og klager, gjere vedtak og rekne ut kva brukarane skal betale for enkelte tenester. Målet er eit større og mindre sårbart fagmiljø og betre tilgang på juridisk kompetanse. Herøy er foreslått som vertskommune.
Kommunane skal framleis ha hovudansvaret for å kartlegge behova til innbyggjarane og følgje opp tenestene lokalt. Kommunedirektøren foreslår at Hareid går inn i samarbeidet frå 1. mai 2027. Levekårsutvalet skal handsame saka før ho går vidare til formannskapet og kommunestyret.
Felles skildring av helse- og omsorgstenestene
Kommunane på Søre Sunnmøre har også utarbeidd ei felles skildring av dei kommunale helse- og omsorgstenestene. Målet er å gjere det tydelegare kva tenester kommunen tilbyr, kva innbyggjarane kan forvente av hjelp og kva ansvar dei sjølve har. Dokumentet skal samtidig vere eit verktøy for administrativ og politisk styring og bidra til meir lik praksis mellom kommunane.
Ei felles tenesteskildring betyr ikkje at alle skal få dei same tenestene. Søknadar skal framleis vurderast individuelt ut frå behova til den enkelte. Kommunedirektøren foreslår at Hareid godkjenner den felles tenesteskildringa og får fullmakt til å gjere mindre endringar og oppdateringar når det er nødvendig.
Ny avtale om kunst og kultur for barn og unge
Levekårsutvalet skal også ta stilling til ein ny samarbeidsavtale med Møre og Romsdal fylkeskommune om «Ung kunst og kultur» for perioden 2027 til 2030. Ordninga skal styrkje arbeidet med kunst og kultur for, med og av barn og unge. Hareid vil mellom anna prioritere samarbeid på tvers av kommunale tenester, styrking av UKM og koplinga mellom kultur og folkehelse.
Kommunen ønskjer ein tilskotsmodell på 150 000 kroner i 2027. Fylkeskommunen sitt bidrag føreset at kommunen bidreg med minst like mykje sjølv. Hareid kan rekne eksisterande lønsutgifter til medarbeidarar som arbeider med mellom anna UKM, Den kulturelle skulesekken, folkehelse og kulturskule som ein del av dette bidraget.
Ballbingen på Bigset prioritert for spelemidlar
Kommunen skal kvart år prioritere kva anlegg det skal søkjast spelemidlar til. For 2027 ligg det føre éin søknad: rehabilitering av ballbingen ved Bigset skule. Søknaden blei også fremja førre gong og var formelt i orden, men fekk avslag fordi det ikkje var nok midlar.
Kommunedirektøren foreslår derfor å gi ballbingen førsteprioritet blant nærmiljøanlegga. Samtidig skal handlingsprogrammet i kommunedelplanen for idrett og fysisk aktivitet rullerast. Levekårsutvalet handsamar saka før ho går vidare til formannskapet og kommunestyret.
Vil halde fellingsavgifta på dagens nivå
Næring- og miljøutvalet skal handsame eit framlegg til ny lokal forskrift om fellingsavgift for hjort. Bakgrunnen er den nye viltressurslova som tok til å gjelde 1. juli 2026. Kommunedirektøren foreslår at forskrifta blir sendt på seks vekers offentleg høyring.
Framlegget er å halde avgiftene på dagens nivå, 180 kroner for kalv og 300 kroner for vaksne dyr. Inntektene går til det kommunale viltfondet, som mellom anna blir brukt til offentlege ettersøk etter sjukt og skada vilt og kan nyttast til andre vilttiltak. Viltfondet hadde 249 000 kroner per 5. oktober.
Felles reglar for vass- og avløpsgebyr
Næring- og miljøutvalet skal handsame eit framlegg til felles gebyrforskrift for vatn og avløp i dei sju kommunane i Sjustjerna. Målet er meir lik praksis og eit tettare samarbeid, slik at kommunane lettare kan hjelpe kvarandre med fakturering og sakshandsaming ved sjukdom og anna fråvær. Framlegget har vore på høyring utan at det kom inn innspel.
Ei felles forskrift betyr ikkje at gebyra blir like i alle kommunane. Satsane skal framleis fastsetjast årleg av kommunestyret, normalt i samband med budsjettet. Kommunedirektøren foreslår å vedta den nye forskrifta, som etter planen skal gjelde frå 1. januar 2027 dersom alle kommunane vedtek henne. Saka skal vidare til formannskapet og kommunestyret.