Ein kveld for historiebøkene? Sjå Noreg–Brasil saman med oss i Hareidhallen!

Søndag 5. juli inviterer vi igjen til storskjermfest i Hareidhallen når Noreg møter Brasil i VM-åttedelsfinalen!

Mange menneske på tribune som strekk henda framover - klare til å ro - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Dette vert ikkje berre ein kamp – men eit møte mellom to fotballnasjonar med ei heilt spesiell historie. Noreg er faktisk eitt av svært få landslag som aldri har tapt mot Brasil, og mange hugsar framleis den legendariske 2–1-sigeren i VM i 1998. No får Ståle Solbakken og hans menn sjansen til å skrive eit nytt kapittel.

Etter ei dramatisk 2–1-siger over Elfenbenskysten, der Erling Braut Haaland avgjorde heilt mot slutten, har Noreg spelt seg inn blant dei 16 beste i verda. 

Stemninga i fotball-Noreg har eksplodert – og no ventar sjølvaste Brasil. Eit lag som har delteke i alle VM som er arrangert og har vunne fem av dei.

 

Frå Hareid til USA – heia Aursnes og Noreg!

Under Ståle Solbakken har landslaget vakse seg sterkare og sterkare. Med verdsstjerner som Erling Braut Haaland, Martin Ødegaard, Antonio Nusa, Kristoffer Ajer – og vår eigen Fredrik Aursnes frå Hareid – spelar Noreg med tru, kraft og mot. Aursnes har med arbeidskapasitet, ro med ballen og internasjonal erfaring blitt ein nøkkelspelar på landslaget. For oss på Sunnmøre gjer det opplevinga ekstra spesiell å sjå ein lokal gut kjempe mot verdas beste på den største scena. Dei viser at dei ikkje berre er med for å delta – dei er med for å vinne.

 

Kva skjer om Noreg slår Brasil?

Då ventar kvartfinale neste helg, der vinnaren møter enten Mexico eller vinnaren av England mot DR Kongo. Plutseleg vil vegen mot semifinalen vere open – og VM-draumen lever for fullt.

 

Vi håper du blir med!

Ta med familie, venner og naboar – kle deg gjerne i raudt, kvitt og blått, og bli med på å skape ei elektrisk VM-stemning i Hareidhallen.

📅 Søndag 5. juli
🚪 Dørene opnar: kl. 21.00
⚽ Kampstart: kl. 22.00
📍 Hareidhallen

La oss fylle hallen og heie fram Solbakkens menn mot ein ny norsk fotballbragd!