Fekk innblikk i kvardagen på sjukeheimen

Hanne Marte Sukka  

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Hareid sjukeheim har denne veka hatt besøk av tre 10.-klassingar frå Hareid ungdomsskule, Lisa, Tuva og Oline. Dei har Pryo-veke, og hadde ønske om å få eit innblikk i kvardagen på ein sjukeheim. Pryo står for praktisk yrkesorientering og er det same som arbeidsveke.

Det er ikkje alle oppgåver på ein sjukeheim elevar får vere med på å gjere, men dei har fått lage til måltid, spelt spel, snakka med pasientar, vore på andakt, delteke i trim for eldre, vore på «eldrebesøk», rydda på lager mm. Kjekk og initiativrik ungdom som vi håper har fått eit godt inntrykk av yrke innanfor helsefag. Takk for hjelpa!