Margrethe Hareide Garne (t.v) viser søstera Eileen Hareide Brandal og faren Eldar Hareide bilete av Eliasgarden-souvernirane dei har bestilt.
Erlend Friestad
- Vi skal ha omvising, fortelje om historia til garden og korleis dei levde då. Mesteparten av inntektene kom frå sjøen, og så var garden ei attåtnæring, fortel Margrethe Hareide Garnes.
Ho, systera Eileen Hareide Brandal og far Eldar Hareide fortel engasjert om det dei skal vise fram for turistane som kjem med MS Artania på laurdag.
- Eit viktig moment blir korleis gamalstova fyrst blei flytta frå Fjordane og så ned på eit klyngetun på Hareide før ho kom hit, fortel Eileen.
Meir enn museum
Men i Eliasgarden får cruisegjestane ikkje møte berre eit museum, men også ein gard der folk faktisk bur. Det gir besøket ein nærleik og autentisitet som mange set pris på, og som kan gjere Eliasgarden til eit minneverdig stopp for dei som kjem til Hareid.
Gruppene blir delte i to. Den eine startar i gamlestova frå 1600-talet, medan den andre går til røykstova der dei får servert klippfisk, flatbrød og bacon.
– Det er mange gode historier å ta av – mellom anna om korleis materialar frå gamle-kyrkja vart delt ut til folk som skulle byggje hus, fortel, Eldar.
Eldar Hareide er vande med å ta imot gjestar i røykstova si - men cruiseturistar frå Tyskland blir ei ny oppleving.
Erlend Friestad
Til slutt samlast alle i løa til vaflar, kaffi og meir historieforteljing.
- Vi kjem til å setje ut det vi har igjen av gammalt gardsutstyr. Det er ein del slikt her, sjølv om mykje dessverre er kasta fordi det på eit tidspunkt ikkje var nyttig lenger. Men vi har framleis ein god del igjen – kjerre og forskjellig, fortel Margrethe.
- Ja, alt som trengs til kornproduksjon har vi, skyt Eldar inn.
Alle skal bidra
Bak det nye tilbodet ligg mykje arbeid. Førebuingane til det første cruiseanløpet har gått føre seg på kveldar og i helgar. Omtrent heile storfamilien, fire generasjonar, skal vere med for å ta imot dei to puljane med til saman 50 cruisepassasjerar.
- Vi er vel tolv stykk som skal bidra på sjølve dagen. Også ungane får sine oppgåver som å sjekke at det er nok dopapir, fortel, Eileen.
Heile storfamilien er i sving, også Casper. Han skal mellom anna passe på at det er nok dopapir på doen.
Erlend Friestad
Mål om fortsetjing
- Vil dette vere eit tilbod som kan leve etter dette besøket?
- Vi har allereie bestillingar frå firma som ønsker å ha sommarfest eller liknande. Så blir det ein diskusjon om vi klarer å gjennomføre det neste år når det kjem fleire båtar og i tillegg på kvardagar, fortel Eileen
- Forhåpentlegvis vil det vere noko økonomi i det, slik at det ikkje berre blir dugnad, seier Margrethe.
Ein ting dei har gjort for å tene litt ekstra, er å lage sokalla «merch» eller suvernirar som det også kallast.
- Vi har fått beskjed om at det er viktig å ha noko å selje, så det har vi ordna, seier Margrethe og viser fram forkle og handlenett med logo og bilete frå Eliasgarden.
Margrethe Hareide Garnes viser fram bilete av nokon av souvernirane dei skal tilby turistane.
Erlend Friestad
Derfor satsar vi på cruiseturisme
Bakgrunnen for at vi satsar på cruiseturisme, er eit ønske om å skape meir inntekter til kommunen. Vi har nytta eksisterande fortrinn på ein kontrollert og berekraftig måte utan store investeringar. Vi nyttar eksisterande infrastruktur, kapasitet og kompetanse, og har etablert eit godt samarbeid med eigarane av kaia vi skal nytte.
Vi legg mykje vekt på lokal verdiskaping. Kvar cruisegjest legg igjen om lag 800-1200 kroner lokalt, så her har butikkar og restaurantar gode moglegheiter. I tillegg ser vi at det alt har ført til fleire nyetableringar i kommunen. Dette er tilbod som også er positive alle som bur i kommunen. Også frivillige organisasjonar og andre kan skaffe seg gode inntekter ved å setje opp buer i Kjøpmannsgata under cruisebesøka.
Dei neste åra vil det også kome strenge miljøkrav for passasjerskip som skal inn i verdsarvfjordane våre. Hareid kommune ligg strategisk til utanfor verneområda og kan derfor ta imot skip som ikkje har høve til å gå lenger inn i fjordsystemet.
Cruiseskip-besøk 13. juni 2026: MS Artania
Forventa ankomst 09.00 og avgang 17.00.
MS Artania er eit cruiseskip eigd og operert av det tyske reiseselskapet Phoenix Reisen. Skipet vart opphavleg bygd som Royal Princess for den britiske marknaden og døypt av Lady Diana. Sidan 2011 har det seilt for Phoenix Reisen.
Skipet har utelukkande utvendige kabinar, mange med eiga balkong og panoramavindauge. Om bord finn ein fleire restaurantar, barar, show-lounge, kino, spa- og velværeområde, bibliotek, butikk og treningssenter. Eit klassisk terrasse-hekk og ein rundt-om-promenadedekk gjev panoramautsikt over havet.
MS Artania er eit populært skip på fjordkryssingar og har mellom anna segla i Geirangerfjorden.
| | |
|---|
| Lengde | 231 m |
| Breidd | 29 m |
| Bruttotonnasje | 44 500 |
| Passasjerkapasitet | Inntil 1 200 |
| Passasjerdekk | 9 |
| Kabinar | 600 (alle utvendig) |
MS Artania gjekk forbi Hareid i starten av juni 2026. 13. juni legg ho til som fyrste cruiseskip i Hareid kommune nokon sinne
Johannes Alme
Tilbod til cruisegjestane 13. juni
Velkomstarrangement 13. juni
Sidan dette er vårt første cruiseanløp gjer vi litt ekstra stas på skipet og gjestane. På eit lukka inngjerda område i kaiområdet (pga. ISPS-reglar) vil gjestane bli tatt imot av representantar frå Hareid kommune, Hjørungavåg Brass, Corsonus og lokale vikingar.
Tilbod som blir formidla via reiarlaget sin agent 13. juni
Tilbod som kan bli tilbode på kaia, eller ved seinare cruiseanløp
- Guida tur til Håbakknotten
- Guida tur med arkeolog på Overå
- Besøk, konsert og historieforteljing i Hareid kyrkje
- Konsert med Corsonus
- Tur til Runde
- Besøke Hareid Sauna
- Medlemskap i Explorers Club
- Golf og fotballgolf hos Sunnmøre Golfklubb
- Lokalmat ilag med kokk på Millenium Kafé
Tilbod til mannskapet 13. juni
Lokala til Hareid ungdomsklubb vil bli nytta av mannskapet. Her kan dei slappe av, vere på nett og elles nytte biljard, bordtennis og ulike spel. Det vil også bli vist bilete frå Hareid på storskjermen. Saunaen vil også vere reservert til mannskapet. Viss vêret tillet det vil vi tilby ein guida fjelletur.
Aktivitetar for alle i sentrum 13. juni
09:00 MS Artania legg til kai
Velkomstseremoni på kaia med mottaking av ordførar. Overrekkinga av gåve. Hjørungavåg brass spelar når skipet legg til kai Corsonus syng for gjestane. Dette arrangementet er berre for passasjerar og aktørar.
09:20 Organiserte utflukter for cruisegjestane
Held fram gjennom heile dagen
10:00 Marknadsgate
I Kjøpmannsgata og i parken. Marknad med lokale handverksprodukt, souvenirar, såper, loddsal og mat
Kari Vev og skinnverkstad er ope
10:00- 14:00 Kunstutstilling på kyrkjelydshuset
I fyrste etasje på kyrkjelydshuset i Kjøpmannsgata blir det kunstutstilling med fem lokale kunstnarar. Det er gratis inngang, og fleire av kunstnarane har kunst til sals.
11:00–14:00 Pop-up-scene
På scena i parken. Kor, band, dansegrupper, høgtlesing for barn klokka 12.
11:00–14:00 Open kyrkje med omvisarar
Omvisingar på engelsk kl. 10:30, 11:30 og 12:30.
12:00 Kaffi og kor
Morgonkonsert med Corsonus i kyrkjelydshuset, inkludert kaffi og kake
12:00 Hadarleikane
På Hareid stadion. Friidrettsarrangement for barn og unge. Publikum er velkomne.
13:00 Mat og arkeologi
Samarbeid mellom arkeolog Arve Nytun og Millennium Kafé.
17:00 MS Artania drar vidare
Her kan du lese meir om programmet.
Parkering 13. juni
Det vil vere mogleg å stå lenger enn to timar gratis på følgande oppmerka parkeringsplassar i Hareid sentrum:
- Rådhusplassen – også der det er merka med tilsettparkering
- Kyrkja, både ved porten og på bortsida av kyrkjegarden
- I Isakdalen, bak Kjøpmannsgata
- På Coop-taket
- På Hareid barneskule
- Nedsida av sjukeheimen
Det er også god plass ved Hareid skule og Hadarhallen.
Parkeringsplassane der det er betaling i dag, vil ikkje vere gratis.
Fritaket for maks to timar gjeld ikkje på parkeringsplassane utanfor butikkane
Du kan lese meir om kvifor vi forlenger parkeringsperioden her her.
Kart over parkeringsplassar der 2-timarsregelen ikkje gjeld 13. juni

Kaifasilitetar
Det er Ulmatec som har ansvar for det praktiske rundt anløpet, mellom anna tryggleik og ISPS-krav. Saman med Hareid Group har dei bidrege med kai og infrastruktur som kan handtere større fartøy. Det er mellom anna bygd ein ny pullert som skal kunne handtere skip av storleiken til MS Artania.
Les meir om kai-samarbeidet mellom verksemdene og kommunen.
Cruiseskip-besøk i 2027
Vi har per no fem planlagde besøk i 2027. Dato og skip blir lansert på eit seinare tidspunkt.
Cruiseskip-besøk i 2028
Den første bestillinga for 2028 har allereie kome. Dato og skip blir lansert på eit seinare tidspunkt.
Les meir om cruise-satsinga