Fire ungdomar frå Hareid skal delta på UKM-fylkesfestivalen i haustferien

Ein fin gjeng reiser ilag med kulturkonsulent Melinda Skeide til fylkesfestivalen i Herøy. Førre veke var dei samla på rådhuset for å planlegge litt, og ikkje minst - bli litt betre kjent med kvarandre.

Lineah Åsmo, Melinda Skeide, Johanna N. Årvik, Sofie Bjåstad, Tira Hole Grimstad var ikkje tilstades då bildet vart teke.

Dette er Ung Kultur Møtast (UKM)

  • Eit offentleg kulturtiltak for ungdom mellom 13 og 20 år, som vert arrangert kvart år rundt om i heile landet.
  • UKM skal bidra til at ung kultur får ein større plass i lokalsamfunnet.
  • UKM er en arena der ungdom møter ungdom, der kultur vert utveksla, utan konkurranse, men med tankar om utvikling, læring og samhald. Kort sagt; UKM skal vere Norges viktigaste kulturelle møteplass for unge.
  • UKM skal vere en arena for alle, uansett kvar ein kjem frå og kva kulturinteresser ein har. Moglegheitene til å drive med kultur skal ikkje bestemmast ut frå verken geografi eller demografi.
  • UKM er ein stad der ungdommane får teste ulike vegar, og uttrykke seg gjennom kunst. Det er ikkje ei talentkonkurranse, og heller ikkje berre ein visningsarena. Mange deltek med ulike former for musikk, men UKM handlar også om dans, visuell kunst, teater, litteratur, film, design, akrobatikk, matlagingskunst og ulike former for ung delaktigheit som arrangør, fotograf, konferansier eller teknikar.
  • UKM er ikkje meint å vere ein konkurranse, men personar eller grupper kan likevel gå vidare i eit system på tre nivå; lokalfestival i kommunane, fylkesfestival og til slutt den nasjonale UKM-festivalen.

Årets fylkesfestival har meir enn 200 påmeldte deltakarar og blir arrangert frå 9. til 12. oktober i Herøy kulturhus i Herøy kommune.

Melinda fortel at dei fire er nominert under UKM-lokalfestivalen som vart arrangert 13. august i år. Lokalfestivalen var ein stor suksess med om lag 500 publikum som fekk sjå både eit flott sceneshow og ei spanande kunstutstilling. Alle dei fire som skal vere med på fylkesfestivalen er nominert innanfor kunst. Ei av dei er også nominert som konferansier.

UKM skal vere ein kulturell møteplass, der unge opplever utvikling, læring og samhald. Vi gler oss veldig til Fylkesfestivalen og trur det skal bli nokre kjekke dagar med workshops, kunstutstilling, ulike førestillingar på scene og ikkje minst det å bli kjent med og vere ilag med andre ungdommar. Hovudfokuset til UKM er å skape festivalfølelse og eit mangfaldig UKM med stor vekt på det sosiale. 

 

Enkelt sagt er UKM

  • ein stad der ungdom møter andre ungdom
  • ein stad der dei får opptre framfor andre
  • ein stad dei  lærer om korleis bransjen fungerer
  • ein stad dei lærer om det å sett opp ein konsert og ei kunstutstilling
  • ein stad dei lærer om kulturbransjen på ein heilt annan måte enn andre stadar

 

Du kan lese meir om UKM på ukm.no.

Under fortel dei fire som skal vere med om kvifor dei vil vere med på UKM. Klikk på bileta for å få dei opp stort.

Johanna Naustenget Årvik, 13 år:

Eg gler meg til festivalen og trur det skal bli kjekt. Eg har ikkje vore med før og det er kjekt å prøve noko nytt. Eg er nominert med ein skulptur og eit maleri. Skulpturen laga eg som eit prosjekt i Musikk og kulturskulen. Eg og Sofie laga kvar vår skulptur med inspirasjon frå ein teikneserie som vi såg på ilag. Maleriet er også eit kulturskuleprosjekt. Der var oppgåva å finne eit bilde på internett og bruke det som ein referanse. Det skulle vere fokus på skuggelegging.

         

Sofie Bjåstad 13 år:

Eg gler meg til festivalen, det verkar som eit kjekt opplegg. Gler meg mest til å bli kjent med dei andre og få nye vennar, og til workshop’ane. Trur eg vil vere med på workshop i teatersminke, det ser kjekt ut, og kanskje gaming. Eg har laga ein skulptur ilag med Johanna med inspirasjon frå teikneserie.

Lineah Åsmo 14 år:

Eg var med på fylkesfestivalen i fjor og det var veldig kjekt! Håper det skal bli like kjekt i år. Eg fekk nye vennar på festivalen i fjor og gler meg til å treffe dei igjen. Eg er nominert i kunst og skal ha med meg både digitale bilete, akvarell og bilete malt med akryl på lerret. Bilda mine er utifrå ulike karakterar som eg har laga og jobbar med.

Tira Hole Grimstad 13 år:

Eg er nominert innanfor kunst og som konferansier. Eg var konferansier under UKM-lokalfestivalen på Hareid og det var veldig kjekt. Eg likar å vere sosial og vere ilag med andre, så konferansier-rolla passa meg bra. Eg gler med til fylkesfestivalen fordi eg gjerne vil ha med meg opplevingane og erfaringane derifrå vidare. Det skal bli kjekt å vere ilag med, og bli kjent med andre ungdomar. Eg likar å jobbe med mange sortar kunst både på kulturskulen og heime. Bildet eg skal ha med er frå eit prosjekt i musikk og kulturskulen. Eg fann noko på Pinterest som inspirerte meg til å lage mitt eige.