Fire veker med plasking, buss-spenning og vassglede!

I september har førskulebarna på Syverplassen fått vere med på noko heilt spesielt. Barnehagane i Hareid har fått midlar til vasstilvenning, og gjennom fire veker har borna reist til Ulsteinbadet for å bli tryggare i vatnet. For ein kjekk månad dette har vore!

fem barn som sit på bassengkanten. I vatnet ein vaksen som viser kva barna skal gjere - Klikk for stort bilete Dagny Otterlei

Allereie før vi kom fram til bassenget, starta eventyret. Kvar veke gjekk vi til busshaldeplassen med forventningsfulle førskulebarn som nesten spratt bortover vegen. Det å ta buss var minst like spennande som sjølve bassenget! På den første turen sat dei med store auge og følgde nøye med på alt som skjedde. Då ein passasjer trykte på den raude stoppknappen og bussen stoppa, var det fleire som såg litt undrande rundt seg. Var det verkeleg slik det fungerte? Og skulle vi kanskje trykke på knappen og?

Vel framme ved Ulsteinbadet var det full fart. Kle av seg, finne døra til bassenget og kome seg ut i vatnet så fort som mogleg. Der venta den kjekke symjeinstruktøren som hjelpte borna med å bli tryggare i vatnet gjennom leik og moro.

Kvar veke venta nye utfordringar og nye meistringsopplevingar. Vi plaska forsiktig med føtene først, så litt hardare, og etter kvart så ivrig at vatnet spruta både på kroppar og fjes. Borna hoppa frå kanten, laga bobler med munnen under vatn, leita etter gjenstandar på botnen og øvde seg på å få vatn i ansiktet utan å bli skremde. Nokon våga å legge heile hovudet under vatn, medan andre svevde stolt rundt på flytebrett.

Det aller kjekkaste var kanskje alle historiene som kom på heimvegen og tilbake i barnehagen:

– «Ååå, vi har vore i bassenget i dag!»

– «Eg hadde hovudet under vatn!»

– «Eg såg etter pinnen på botnen!»

– «Eg syntest det var kjekt å kaste meg bakover!»

– «Eg låg på flytebrett!»

Og som prikken over i-en venta noko heilt spesielt etter den siste badeøkta. Då var det tid for ei høgtideleg diplomutdeling! Med stolte smil og glitrande auge og kanskje litt ekstra rak rygg tok dei i mor beviset på alt dei hadde lært, våga og meistar desse vekene.

Gjennom desse fire vekene har vi sett korleis barna har blitt modigare, tryggare og meir nysgjerrige i vatnet. Vi har høyrt mykje latter, sett store smil og opplevd mange små og store meistringsaugneblink. Frå den første spente bussturen til den siste plasken i bassenget har dette vore fire veker fylt med glede, vennskap og minner som vi kjem til å leve lenge på. 

barn som står i basseng, medan ein person beveger seg gjennom ein rockering - Klikk for stort bilete Dagny Otterlei