Flytta på deg siste halve året?

Då bør du sjekke kvar du har røysterett.

Hand som legg stempla røystesetel i urne. I bakgrunnen valmedarbeidar. - Klikk for stort bilete Valdirektoratet

Det er kvar du var folkeregistrert 30. juni i valåret som bestemmer kva kommune du har røysterett i.

I førehandsperioden kan du røyste i alle vallokale i heile landet, men på valdagen kan du berre røyste i heimkommunen din.

LES OGSÅ: Her kan du røyste på valdagen i Hareid kommune

Viss du har flytta på deg siste tida, bør du sjekke informasjonskortet du har fått frå Valdirektoratet (i postkassa, anten den fysiske eller digitale). Dersom du ikkje finn informasjonskortet, kan du kontakte valansvarleg Erlend Friestad på e-post erlend.friestad@hareid.kommune.no, så kan han opplyse deg om kva kommune du høyrer til i.

LES OGSÅ: Så mange har førehandsrøysta i Hareid kommune