Her kan du røyste på valdagenHareid har berre eit vallokale i stortingsvalet 2025.På valdagen 8. september 2025, kan du berre røyste i den kommunen du var busett i per 30. juni.I møte 20. mars vedtok kommunestyret at Hareid kommune skal ha ei mellombels ordning med eit røystelokale for stortingsvalet 2025. Det betyr at det på valdagen berre vil vere mogleg å røyste på Hareid rådhus.Hareid rådhus, klokka 09-21Kommunestyresalen, inngang frå RådhusplassenParkering: Rådhusplassen, Bankplassen, andre oppmerka parkeringsplassar som ikkje er reserverte. Det er oppmerka HC-plassar.Det er mogleg å kome inn i rådhuset både frå Strandgata og Rådhusplassen. Merk: inngangen frå Strandgata er ikkje tilpassa røyrslehemma. Hugs legitimasjon!Les også:Kven kan røyste i valet? Publisert 06.09.2023 15:19 Sist endra 18.06.2025 15:46