Stearinlys er koseleg, men manglande lys er det minste problemet ved straumutfall.
Pexels.com
I år er det straumstans og samarbeid under kriser som er hovudtema på folkemøtet om eigenberedskap i regi av Hareid kommune.
- Tid: 30. oktober klokka 18
- Stad: Hareid folkebibliotek
Alt - nesten utan hermeteikn
Vi er heldige i Noreg. Straumen er nesten alltid på plass i stikkkontakten, men vi veit også at han kan forsvinne – og gjerne dagar i strekk. Seinast no under uvêret Amy var det over 100.000 husstandar som var utan, mange i over eit døgn.
«Alt» er avhengig av straum (og då kunne vi nesten droppa hermeteikna). Både komfort og kritiske samfunnsfunksjonar blir råka eller sett ut av spel når straumen ikkje er der.
På møtet får du møte «beredskapsfamilien» som saman gjer sitt beste for å hindre at kriser skjer og handtere krisene som oppstår. Vi går gjennom dei ulike scenarioa, konsekvensane og kva du og vi i fellesskap kan gjere for å motverke konsekvensane av langvarig straumstans.
Det blir høve til å stille spørsmål.
Delta og vinn eigenberedskap
Alle som deltek på møtet er med i trekninga av utstyr til eigenberedskapslageret. I år har vi fått sponsa utstyr frå Biltema. Det er utstyr som skal hjelpe deg dersom straumen går. Her får du vedbrikettar, gasskjøken med kokekar og gass, dab-radio, straumbank og litt stearinlys for kosen si skuld. Verdien på utstyret er om lag 1500 kroner.
Artikkelen held fram under biletet.
For å klare deg utan straum lenge, bør du ha alternativ oppvarming til straum (td vedbrikettar), noko å lage mat på (gasskjøken, gass og kokekar), DAB-radio på batteri, straumbank og stearinlys. Ustyret er sponsa av Biltema Ulsteinvik
Erlend Friestad
Eigenberedskapsveka
Egenberedskapsveka er ei nasjonal informasjonskampanje frå Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB), som skal gjere innbyggjarane meir medvitne om korleis dei kan klare seg sjølve i ei krise i minst éi veke. Kampanjen blir arrangert kvart år i veke 44, og legg vekt på praktiske råd, samarbeid og å nå ut til ulike grupper, særleg unge under 30 år.
PS: Klokka 0830 same dag arrangerer vi frukostmøte for næringslivet med same tema. Her vil vi leggje vekt på kva verksemdene kan gjere for å motverke konsekvensane av straumbrot. Sjå eiga artikkel her.