Hareid kommune blei meldt inn i Register om betinga godkjenning og kontroll (Robek) i sommar, då underskotet på 2023-rekneskapen var meir ein 3 prosent av inntektene våre. Når ein kommune er innmeldt i Robek, må statsforvaltaren godkjenne budsjettet og gi løyve til å ta opp lån.
I midten av februar fekk Hareid kommune beskjed om at budsjettet for 2025 var godkjent, men ikkje låneopptaket. Det betyr at fleire prosjekt står i fare for å bli utsett. Brevet kom dagen før kommunestyret, så det blei berre så vidt handsama der. Då bad kommunestyret om at kommunen får halde fram arbeidet med kontraktsfesta investeringar. Dette er prosjekt som er med på å redusere driftskostnader eller auke inntektene. Det er inngått kontraktar i nokre prosjekt, så her risikerer ein alvorlege erstatningsansvar ved misleghald. I nokre tilfelle vil det koste meir å stoppe desse prosjekta no enn å halde fram.
Kommunedirektøren har no sett nærare på konsekvensane av at vi ikkje får ta opp nye naudsynte lån. Dette vil no bli lagt fram for formannskapet til drøfting.
Møtet ser du direkte eller i opptak her frå klokka 12 måndag 24. februar.