Privat/Hareid kommune
Fylkesfestivalen i UKM samla ungdom frå heile Møre og Romsdal i Kristiansund 5.–7. oktober. Frå Hareid kom ungdomar som deltok med kunst, song og som konferansierar.
Men UKM handlar om meir enn det som skjer på scena og i utstillinga.
Fann fellesskap på tvers av kommunegrensene
Før avreise var ungdomane tydelege på at dei gledde seg til det sosiale. Forventningane blei innfridde.På fylkesfestivalen bur ungdomane tett på kvarandre og får mange høve til å bli kjende gjennom workshops, aktivitetar, leik og sosiale arrangement. Det skaper kontakt både på tvers av kommunar og kunstuttrykk.
Eit godt døme kom gjennom «GooseChase», ein konkurranse der ungdomane skulle løyse ulike oppgåver saman og samle poeng. Hareid og Haram budde saman og måtte dermed samarbeide. Det viste seg å vere ein god kombinasjon. Ungdomane klarte alle postane og enda med å vinne årets GooseChase.
Konkurransen blei samtidig noko meir enn ein jakt på poeng. For å løyse oppgåvene måtte ungdomane samarbeide, utfordre seg sjølve og bli kjende med kvarandre. Slik blei aktiviteten også ein arena for meistring og nye sosiale band på tvers av kommunegrensene.
Fekk blomstre på sine eigne arenaer
For dei som kom til Kristiansund for å delta med kunst eller stå på scena, blei festivalen også høvet til verkeleg å vise fram det dei kan.
Sam Thorsø Åsmo, Emilie Gjerde Brandal, Sofie Bjåstad og Emily Victoria Bigset deltok med kunst, medan Camilla Brandal og Natascha Goksøyr stod på scena med song.
For Camilla låg det ei ekstra utfordring i festivalen. Ho valde å framføre «Dernière danse» av den franske artisten Indila, trass i at ho ikkje kan fransk. Denne gongen stod ho også åleine på scena, etter tidlegare å ha delteke som vokalist i band.
Sjå Camilla si framføring her. (Sending 3 frå 1:01:50)
Natascha Goksøyr framførte «The Challenge» frå «Epic: The Musical».
Sjå Natasha si framføring her (Sending 3 frå 1:27:30)
Kine og Sofie Husøy fekk ei heilt anna oppgåve på scena. Som konferansierar skulle dei lose publikum gjennom sceneshowa og gi deltakarane gode og personlege introduksjonar.
Sjå Kine og Sofie som konferansierar her (sending 3)
For deltakarane blei det tydeleg kor mykje det betyr å få ein arena der interessa og uttrykket deira står i sentrum. Enten det var framfor publikum på scena eller gjennom kunsten i utstillinga, fekk ungdomane vist fram det dei hadde arbeidd med og oppleve meistring på sine eigne premissar.
Meir enn ein kulturfestival
Før turen skildra vaksenkontakt Victoria Nedrelid UKM som ein inkluderande møteplass der ungdomane får møte likesinna og prøve nye ting.
Etter tre dagar i Kristiansund var det nettopp dette som sat igjen som noko av det viktigaste.
Gjennom workshops, sosiale arrangement, leik og felles opplevingar blei ungdomane utfordra på andre område enn dei dei hadde reist til festivalen for å vise fram. Dei fekk prøve nye ting, samarbeide og bli kjende med ungdomar dei elles kanskje aldri ville ha møtt.
Og samtidig fekk dei sjå kvarandre blomstre på scena og gjennom kunsten.
Slik blei fylkesfestivalen ikkje berre ein stad for å vise fram kva ein kan. Han blei også ein stad for å våge litt meir, oppleve meistring og knyte nye band.