Erlend Friestad
Rekneskapsrapporten for februar viser eit samla negativt avvik på 14,9 millionar kroner frå sektorane. Tala er påverka av både manglande inntekter og høgare kostnader enn venta. Ein del av avvika kan knytast til periodiseringar, men rapporten viser likevel at økonomien er sårbar og krev tett oppfølging framover.
Kva ligg bak avvika?
Lønskostnadene har eit meirforbruk, særleg fordi refusjonar av sjukeløn er lågare enn budsjettert. Utgiftssida er høg, mellom anna som følgje av utbetalingar som kjem tidleg på året, som lisensar og forsikringar. I tillegg er finansinntektene svakare enn forventa. Nokre postar, som overføringar frå UDI og brukarbetaling, trekkjer i positiv retning.
Innkjøpsstopp sett i gang då avvika vart tydelege
Etter kvart som februartala byrja å vise eit betydeleg negativt avvik, innførte kommunen ei mellombels innkjøpsstopp frå 13. mars 2026. Tiltaket skal bidra til å bremse utgifter medan kommunen jobbar vidare med meir treffsikre tiltak.
Omstillinga: kartlegging ferdig, men kutt er ikkje gjennomførte
I budsjettvedtaket i desember 2025 blei det klart at kommunen måtte redusere driftsnivået – særleg gjennom lågare lønnskostnader. Samla sett må kommunen spare inn 21,8 millionar kroner i løpet av 2026. Sidan vedtaket er det gjort eit omfattande kartleggingsarbeid for å definere minimumsnivå og behov i dei ulike einingane, og fordele kutt vidare. Men sjølve kutta er enno ikkje gjennomførte. Det betyr at dei økonomiske effektane ikkje kjem før endringane faktisk blir sette i verk.
LES OGSÅ: Meir bakgrunn om kva kutta handlar om og kvifor dei er nødvendige.
Stort arbeid gjort – men vi er ikkje i mål
Resultata frå 2025 viser at Hareid kommune også dette året hadde eit meirforbruk. Det enda på 10 millionar. Det var mindre enn prognosane viste i haust. Det aller mest gledelege er om vi samanliknar 2025 med 2024. I løpet av eit år har kommunen betra økonomien med rundt 60 millionar. Dette viser at vi evnar å snu utviklinga når tiltaka blir sette i verk.
Les heile månadsrapporten for februar 2026