Glimt frå UKM fylkesfestival der Hareid var flott representert!

Høg kreativ energi når Ung Kultur Møtast til UKM fylkesfestival på Eide i Hustadvika i haustferieveka! Sjå bildekavalkade, film og lenker til festivalveka.

Ungdomar og vaksne foran inngongen til UKM-festivalhallen.  Inngongen er pynta med ein stor el-gitarar på kvar side. - Klikk for stort bilete UKM/Melinda Skeide
Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Ungdomsarbeidar (Ulstein) Marie Flatin, kulturkonsulent (Hareid) Melinda Skeide og re-design-guru Marion Øvrelid melder om utruleg kjekke dagar der ungdomane har representert kommunene Hareid og Ulstein på ein heilt framifrå måte! 

Bilete av 3 kvinner ved eit banner for UKM fylkesfestival. - Klikk for stort bilete UKM Ulstein og Hareid

Deltakarane Lineah T. Åsmo, Klara Ferlic Lakmin og Arja Grimstad frå Hareid, og Jenny Warholm Engh og Isa Brevik frå Ulstein, hadde med mange flotte bidrag til kunstutstillinga som var torsdag i festivalveka. Alle kunstnarar fekk og bidra til å lage eit sanserom. Pranaya Selva frå Hareid deltok med song på framsyning nummer to. Her viser vi små glimt frå kunstutstillingar, work-shops, framsyningar og sosialt samver :-) 

Totalt var det fem framsyningar for publikum under årets fylkesfestival. På Facebooksidene til UKM Møre og Romsdal finn du alle framsyningane.

Her viser vi framsyning nummer 2 der Hareid er representert ved Pranaya Selva. Her syng ho songen "Never enough" heilt på slutten av sendinga.

Ein super kavalkade av bilete finn du og på Facebooksidene til UKM Ulstein og Hareid, der deltakarane oppsummerer veka slik:

  • Nytt, gøy, venner!
  • Koseleg, sosialt, minnerikt!
  • Kjekt, imponerande, sosialt!
  • Kjekt, fin musikk, koselig!
  • Energikrevande - men kjempekjekt!
  • Inspirerande!