Sneldelida er eit grensefjell mellom Hareid og Ulstein kommunar. Fjellet er lett tilgjengeleg for frå begge sider av kommunegrensa.
Erlend Friestad
Planforslaget er utarbeida i Microsoft Sway og kan lesast på denne lenka:
https://sway.cloud.microsoft/5aiapqUGBAOtT8S0?ref=Link
Plan for friluftslivets ferdselsårer er ei naturleg vidareføring av arbeidet Hareid og Ulstein kommunar gjennomførte med kartlegging og verdsetting av friluftsområde. Døme på friluftslivets ferdselsårer er turvegar, turstiar, turløyper, sykkelløyper og padleled. Regjeringa oppfordrar alle kommunar til å revidere eller utarbeide sti- og løypeplanar, og legge til rette for at stiar og løyper vert innarbeidde i det offentlege kartgrunnlaget (DOK). Målet med planen er å identifisere, ivareta og utvikle friluftslivets ferdselsårer i Hareid og Ulstein kommunar.
Det er gjennom planen laga ein tiltaksplan, der viktige element og tiltak kan innarbeidast i kommunedelplanen for fysisk aktivitet, friluftsliv og idrett, for å sikre juridisk og/eller økonomisk binding. Planen vil vere eit hjelpemiddel og kunnskapsgrunnlag for kommuneplanen sin arealdel og reguleringsplanar, og vere eit bidrag til å strukturere friluftslivsarbeidet både for kommunen og for det frivillige arbeidet som skjer i kommunane knytt til dette tema.
Her kan du lese planen i PDF-format. (PDF, 12 MB)
Les saksframlegget og vedtaket frå kommunestyret i Hareid kommune.