Erlend Friestad
Målet er å gje sjukeheimen eit betre fyrsteinntrykk og skape ei meir triveleg ramme rundt kvardagen til dei som bur og arbeider der. Arbeidet skjer på dugnad og er eit bidrag til felleskapen i ei tid der kommunen må prioritere stramt.
Åtte pensjonistar på dugnad
– Vi fekk innspel frå folk i bygda om vi kunne tenkje oss å shine opp inngangspartiet på sjukeheimen. Det var full oppslutnad om det i gjengen, seier Arild Grimstad, styreleiar i Hafest.
Denne veka stiller alle åtte medlemene i Hafest opp. Arbeidet omfattar mellom anna måling, forbetring av inngangspartiet, listing og utskifting av skilt.
– Vi nyttar finveret og reknar med å bli ferdige i løpet av veka. Det gjeld å få det unna så raskt som mogleg, slik at vi slepp å ha stilas og lift ståande lenge. Åtte ivrige pensjonistar i full innsats, smiler Grimstad.
Oddbjørn Grimstad gir sjukheimen eit løft med malarkosten.
Erlend Friestad
– Ei uvurderleg gåve
Kommunalsjef for velferd, Ottar Røyset, er svært takksam for initiativet.
– Vi er utruleg heldige som har ein slik gjeng som Hafest, som ønskjer å gjere ein innsats for andre. I den økonomiske situasjonen vi står i, betyr dette ekstra mykje, seier Røyset.
Han peikar på at Hareid sjukeheim er både arbeidsplass og heim for mange.
– Sjukeheimen har nokre år på baken. Vi gjer forbetringar no og då, men denne innsatsen gjev oss eit løft. Fyrsteinntrykket betyr mykje, og det Hafest gjer her er rett og slett uvurderleg.
Erlend Friestad
Lang tradisjon for frivillig innsats
Hafest er ein frivillig kulturorganisasjon som arbeider for å gjere Hareid sentrum vakrare og meir triveleg. Gjennom åra har laget stått bak ei rekkje dugnadsprosjekt.
Blant tiltaka er rensking og vedlikehald av kyrkjegardsmurane, dugnader i sentrum, planting av blomster i sentrumskrukker, tenning og vedlikehald av julestjerna i Melshornlia og Hafestivalen med konsertar på kyrkjelydshuset.
Hafest består av: Arild Grimstad
- Bjørn Teigene
- Willy Nesset
- Oddbjørn Grimstad
- Sverre Jarl Ulstein
- Torgeir Ringstad
- Eldar Hareide
- Lars Petter Moldskred
Les meir om Hafest og arbeidet deira på Facebook-side.
Lars Petter Moldskred gir inngangspartiet eit strøk med maling.
Erlend Friestad