Erlend Friestad
Gjennom solid dugnadsinnsats har inngangspartiet vorte pussa opp og gjort meir triveleg for alle som kjem og går. For bebuarar, brukarar, tilsette og besøkande er dette det første møtet med sjukeheimen, og mange har allereie gitt uttrykk for kor mykje dei set pris på fornyinga.
Videoen under, som viser noko av arbeidet, er ein av dei likte på Hareid kommune si Facebook-side nokon gong:
Arbeidet er utført av Arild, Bjørn, Willy, Oddbjørn, Sverre Jarl, Torgeir, Eldar og Lars Petter. Med godt humør og stor arbeidsvilje har dei lagt ned mange timar for å skape eit betre og meir verdig inngangsparti.
Eit nytt skilt er under bestilling og vil kome på plass snart. Inntil då får inngangspartiet tale for seg sjølv.
Hareid kommune rettar ei stor og varm takk til Hafest-karane for innsatsen.
Erlend Friestad
Erlend Friestad