Har du forslag til ein Stikk UT-tur for sommarsesongen?

Kanskje har du sakna din favorittur på lista over turar tidlegare år? 

Jente som går på sti, fjord og fjell i bakgrunnen - Klikk for stort bileteHåbakknotten er eit av dei mest populære sommar-stikk-UT-turane. Erlend Friestad

Hareid kommune er medlem i Sunnmøre Friluftsråd og har derfor Stikk UT. I fjor var Hareid faktisk den kommunen med flest Stikk UT-brukarar på heile Sunnmøre

Sommarsesongen er frå 1. mai–31. oktober, og vi vil gjerne ha innspel dersom du har forslag til turar.

Det er nokre kriterium som gjeld: 

  • Vurdere om stien/råsa toler auka ferdsel
  • Alle kommunar bør ha minst ein trillevennleg tur, gjerne fleire 
  • Bør ha nokre nærturar der folk bur
  • Tilgjengeleg parkeringsplass 
  • Berre etablerte turmål (ikkje bruk Stikk UT til å gå opp nye stiar…)
  • Avklaring med grunneigar at det er OK at turen blir ein Stikk UT-tur
  • Sjå til at turmålet ikkje er i konflikt med sårbart dyreliv
  • Unngå turar i hekkeområde/ved drikkevasskjelder/sårbar natur (myr) osb.
  • Unngå turar gjennom beiteområde for storfe

 

Frist for å melde inn forslag er tysdag 10. februar.

Dersom du har innspel er det berre å sende ein e-post til folkehelsekoordinator Silje: silje.kiperberg.aksnes@hareid.kommune.no