Har du forslag til kandidat til eldrerådet?

Hareid kommune skal gjennomføre suppleringsval til eldrerådet etter at ein av dei faste representantane har gått ut av vervet.

mann på talarstol. I forgrunnen sit tilhøyrarar - Klikk for stort bileteKommunestyresalen var fylt med folkevalde frå medverknadsråd og fagutval då administrasjonen presenterte sitt budsjettframlegg. Kristian Stråmyr

Eldrerådet er eit rådgjevande organ som skal bidra til at interesser og behov for eldre innbyggjarar blir høyrde i saker som gjeld dei. Rådet gir innspel til politiske saker og arbeider for å fremje gode løysingar for eldre i kommunen.

Kommunen ønskjer innspel til kandidatar som kan vere aktuelle som fast medlem i eldrerådet. Kandidaten bør ha interesse for samfunnsspørsmål og ønskje om å bidra til eit aldersvennleg lokalsamfunn.

Forslag til kandidatar kan sendast inn via skjemaet nedanfor:

👉 Innspel til kandidat til eldrerådet – Fyll ut skjema

Frist for innsending er måndag 31. august kl. 23.45.

Forslaget skal innehalde namn og kontaktinformasjon til kandidaten. Kandidaten må vere førespurd og ha sagt seg villig til å bli vurdert for vervet.

Har du spørsmål om ordninga eller valprosessen, kan du kontakte Hareid kommune ved politisk sekretariat på e-post: politikk@hareid.kommune.no