Det er vegen som går gjennom Pålhaugen omsorgssenter som no ska få offisielt namn.
Erlend Friestad
Fristen for å kome med merknadar er 13. september 2026.
I reguleringsplanen Pålhaugen 3 er det regulert inn ein ny veg som må få tildelt namn.
Tilrådd vegnamn
Namneutvalet har behandla saka og tilrår samrøystes namnet Pålhaugstubben.
Grunngjevinga er at vegen ligg i eit område som har vore kalla Pålhaugen i meir enn 150 år, og at han fører fram til Pålhaugen omsorgsbustader.
Namneutvalet viser også til at det i nærområdet tidlegare er nytta tilsvarande namneskikk på korte blindvegar, mellom anna Myrastubben, Brekkestubben og Remastubben.
Saka er ute på høyring
Forslaget til vegnamn vert lagt ut til offentleg ettersyn i samsvar med stadnamnlova paragraf 8.
Alle som ønskjer det kan sende inn merknadar eller innspel til namneforslaget.
Slik sender du inn innspel
Fristen for å sende inn merknadar er 13. september 2026.
Du kan sende innspel via det elektroniske høyringsskjemaet:
Send inn høyringssvar
Du kan også sende brev til:
Hareid kommune
Rådhusplassen 5
6060 Hareid
Merk innspelet med saksnummer 24/2087.
Kva skjer vidare?
Etter at høyringsfristen er ute, vil administrasjonen oppsummere innspela som har kome inn. Saka går deretter til behandling i næring- og miljøutvalet, formannskapet og til slutt kommunestyret, som gjer endeleg vedtak om vegnamnet.