Har du nokon gong vore bekymra for eit barn eller ein ungdom?

Har du lagt merke til «knappen» på heimesida til Hareid kommune der det står: Er du uroa for eit barn eller ein ungdom?

Små born i fargerike klede som spelar fotball. - Klikk for stort bilete pexels
Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Du finn knappen både i menyen øverst på framsida, og under tenestene "Oppvekst, skule og barnehage" og "Helse og omsorg".

I Hareid kommune skal det vere trygt og godt å vekse opp. Likevel kan det oppstå utfordringar og vanskar som gjer at ikkje alle har det så bra. Difor arbeidar vi mellom anna med Betre tverrfagleg samhandling – BTS

Tidleg innsats

Vi i Hareid kommune ynskjer å sikre at alle born og unge skal få den hjelpa dei treng på eit tidleg tidspunkt.

Betre Tverrfagleg Samarbeid - Hareid er ein nettportal som skal bidra til å fange opp born og unge som har behov for hjelp.

Inne på nettportalen (trykk på lenka over) kan du velje informasjon tilpassa kva rolle du har: Barn/ungdom, vaksen eller tilsett.

Her kan innbyggarar i Hareid finne kontaktinformasjon og få gode råd om kva ein kan gjere om ein uroar seg for eit barn eller ein ungdom. Det kan til dømes vere noko ein observerer som nabo, fotballtrenar, ven eller sysken som gjer at ein kjenner ei uro. Eller ein kan vere eit barn/ungdom som er bekymra for seg sjølv.

Alle som jobbar med born, ungdom og foreldre har eit særskilt ansvar for å ta grep om noko er bekymringsverdig, og for tilsette ligg der ein handlingsrettleiar som skal gjere det enklare å vite korleis ein skal gå fram. Her er også verktøy som ein kan nytte til observasjon, og i møte med born/ungdom og foreldre.

Lovpålagt ansvar

Kommunane er pålagde ved lov å samordne tenestetilbodet på tvers av sektorar og tenesteområder. "Betre Tverrfagleg Samhandling" skal hjelpe til med å sikre samhandling i Hareid kommune.

Nettportalen strukturerer og konkretiserer korleis arbeidet er lagt opp i kommunen vår, og skal gje brukarar og tilsette kunnskap om reiskapar tilgjengeleg for å kunne utnytte tenestetilbodet best mogleg. Målet er å sikre at alle born og unge skal få den hjelpa dei treng.

Prosjektleiar for dette arbeidet er Silje Kiperberg Aksnes.

Ta gjerne kontakt på e-post eller telefon om de har spørsmål/innspel.