Har tilsett dagleg leiar for SSIKT

Guro Gausemel er tilsett som dagleg leiar for Søre Sunnmøre IKT (SSIKT). 

Bilete av kvinne, Guro Gausemel - Klikk for stort bileteGuro Gausemel er tilsett som dagleg leiar i SSIKT. Pressefoto  

Søre Sunnmøre IKT er eit interkommunalt samarbeid for dei sju kommunane på søre Sunnmøre og driftar IKT-system til omlag 14 500 tilsette og grunnskuleelevar. SSIKT har 22 årsverk innan brukarstøtte, driftssenter og fagområde. 

Selskapet vart stifta i 2017, og i 2018 vart dei IKT-tilsette i kommunane formelt samla i det nye selskapet. Kjerna til selskapet sine oppgåver er kostnadseffektive, stabile og trygge tenester for eit felles driftssenter - og slik levere best mogleg tenester ut til sluttbrukarane i kommunane. 

Gausemel har vore konstituert i stillinga sidan 2020, der ho opphaveleg var leiar for brukarstøtte i SSIKT. Fram til 2018 var ho IKT-leiar i Herøy kommune. Ho har ein master i informasjonsteknologi, og har vore med på utviklinga frå ei tid då IT i kommunane vart sett på som ein støttefunksjon til der vi i dag ser på IT og digitalisering som eit kjerneområde/heilt sentrale prosessar i den kommunale tenesteproduksjonen.

Styreleiar i Søre Sunnmøre IKT, Ane Malene Søvik Nygård, seier dei er svært nøgd med å ha Gausemel til å leie selskapet vidare.

– Vi går inn i ei tid der digitalisering og smidigheit i leveransane til sluttbrukar vil vere eit vesentleg bidrag til utvikling av tenestene og i korleis kommunane skal ivareta si rolle som samfunnsutviklar, kommenterer Søvik Nygård.